Seier vi nei til bompengar, seier vi også nei til tunnell, fleire bussavgangar og betre sykkelvegar

Foto: iStock

Vi må gjere meir for å kutte klimagassutslepp. Då er ikkje løysinga å avskaffe spleiselaget mellom stat, fylke og kommune som kan gi oss meir og betre kollektivtrafikk, reinare luft og lavare klimautslepp.

Bypakken handlar ikkje om bompengar eller ikkje bompengar, men om heilskapleg, langsiktig planlegging og gjennomføring kontra fragmentert.

Vi må gjerne diskutere innretninga på bompengane; satsar og maksimumsbeløp, ulike ordningar for innkrevjing. Men bypakkeprosjektet må ikkje stoppe opp. Venstre vil forsvare bypakkar og forklare kvifor bompengane trengs.

Vi må vende merksemda mot det vi ønskjer: rein luft, mindre støy, mindre kø og lavare bilbruk.

Det kan vi få med å bygge eit betre kollektivsystem og sykkelvegnett.

Dei som fryktar at pengane går til nokon andre enn bilistane når bompengane finansierar satsing på buss eller sykkelvegar ser kanskje ikkje heile biletet. Også dei som køyrer bil har glede av at alternativa til å velge vil vert bygd ut. Slik kan vi rydde plass på vegane. Sjølvsagt kan vi få betre kapasiteten ved å bygge meir veg, men dette gir auka bilbruk og er ikkje i tråd med nullvekstmålet. Det fører ikkje til mindre kø, men fleire køer. Og bysentrum blir ikkje større av fleire vegar.

Bompengedebatten er verdt å delta i, men det kan ikkje vere vår tids store debatt. Det finns så endeleg mykje større utfordringar vi må løyse for at dei komande generasjonar skal oppleve fridom til å leve og utvikle seg. Omstilling til eit grønare og reinare samfunn er ikkje enkel. Det krev innsats og vilje frå frå både politikarar, folk og næringsliv. Vi må legge til rette for ei slik omstilling både med gulrot og pisk. At mange ønskjer å bidra ser vi av at skuleungdom streikar for klimahandling, familier kjeldesorterer, syklar der det er mogleg og byter ut fossile bilar med el-bilar. Næringslivet reknar på korleis dei kan redusere eigne utslepp og bidreg til utvikling av teknologi som kan kutte utslepp frå andre.