Dette har skjedd i Eid 2011-2019: Politisk rekneskap

Alfred Bjørlo, ordførar
Foto: Lindsey Bundschuh

Dei siste åtte åra har Eid gått frå stagnasjon til vekst. Ei rekkje store utbyggingsprosjekt som før «sto på vent», er gjennomført. Nordfjordeid sentrum har blitt nytt nesten frå A til Å og er opna opp mot fjordenl Folketalet veks, næringslivet blømer og Eid har igjen tatt posisjonen som det sjølvsagde handelssenteret i Nordfjord.

Venstre har i heile denne perioden hatt ordføraren og vore største parti i fleirtalssamarbeidet som har styrt Eid kommune. Det har vore eit lagspel der mange har bidrege, der vi er stolte over det vi har vore med å få til.

Eit sterkt Venstre og Alfred Bjørlo som ordførar i nye Stad kommune vil vere den beste garantien for at denne utviklinga held fram vidare, og ikkje stoppar opp.

Her er ei kort oversikt over noko av alt det som har skjedd i Eid sidan Venstre fekk ordførar i 2011.

Nye utbyggingsprosjekt

  • Nytt omsorgssenter med 40 heildøgns omsorgsplassar (Hogatunet)
  • Ny fleirbrukshall Nordfjordeid skule
  • Etablering av LA-senteret på Langeland
  • Fleire kommunale bustader (sosial bustadbygging)
  • Nye kommunale bustadfelt på Nordfjordeid, Kjølsdalen og Stårheim (under bygging) – Hjelle blir bygd ut i 2020 – reguleringsarbeid Haugen startar haust 2019
  • Nye næringsområde ferdigstilt og tatt i bruk (Eid Næringspark m fl)
  • Fiberutbygging til Stårheim, Haugen, Nordfjordeid og Eidsbygda/Hjelle (under utbygging – vedtatt utbygging også til Heggjabygda, Lote og Hennebygda)
  • Utbygging av Eid vidaregåande skule – i spleiselag med Eid kommune
  • Vidare utbygging av fjordvarme
  • Ny sentrumspark, klatrepark og badestrand (Sagaparken)
  • Realisering av Sagastad
  • Realisering av cruisekai
  • Samanhengande gang- og sykkelveg Nordfjordeid-Nor bru
  • Sikrare trafikk i Skulevegen: Einvegskøyring og utbetring kryss Fossevegen/Skulevegen
  • Sykkelparkering ved kommunale skular og offentlege bygg
  • Hurtigladestasjon, ladepunkt for elbilar ved offentlege bygg og kommunale elbilar
  • Opprusting av Badstuplassen
  • Offentlege toalett i Eidsgata og Sagaparken

Forsterka kommunale tenester:

  • Styrka skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
  • Fleire barnehageplassar – full barnehagedekning
  • Sterk auke i tal lærlingeplassar i Eid kommune
  • Sterk auke i tal stillingar i helse- og omsorgstenestene – særleg innanfor pleie
  • Betre legeteneste med fleire fastlegar og sjukepleiarar ved legekontoret
  • Fått på plass akuttberedskap innanfor rus, psykiatri og barnevern
  • Først i Noreg med å prøve ut meir hjelp til kronisk sjuke i eigen heim (medisinsk avstandsoppfølging)
  • Utvida opningstider for biblioteket og ny utlånsordning for sports- og fritidsutstyr (BUA)
  • Etablering av frisklivssentral
  • Innføring av «velkomstpakke» til nye innbyggjarar (First Eid Kit)
  • Ei opnare kommune: Strøyming på nett av kommunale møte, open rapportering av avvik, open ordførarkalender, utekontor for ordførar med meir
  • Fått fart på arbeid med spelemiddelsøknader til idrett og friluftsliv – stor auke i tilskota
  • Felles landbrukskontor og skattekontor med Gloppen
  • Ny arealdel av kommuneplanen, nye kommunedelplanar for oppvekst og helse
  • Nasjonalt gjennomslag for å flytte pensjonspengar ut av fossil energi (KLP – 500 mill kr flytta etter initiativ frå Eid kommune)

Eit Eida-samfunn på veg framover:

  • Rekordstor folketalsvekst i Eid: 300 fleire innbyggjarar sidan 2013
  • Sterk auke i handelen: 120 mill kr meir i omsetnad pr år i Eid sidan 2011 – Nordfjordeid har tatt posisjonen som handelssenter i Nordfjord
  • Sterk vekst i bustadbygging: Over 300 nye bustader sidan 2011
  • Sterk forbetring i næringsattraktivet (Kommune-NM): Eid er no på «Topp 15%» av norske kommunar)
  • 20-minuttsavgangar og to nye, store elferjer på Anda-Lote
  • Vedtatt kommunedelplan bru Anda-Lote
  • Sikra framtida til Firda Kaserne og HV-11
  • Sikra framtida til og styrka Skattekontoret på Eid
  • Etablering av desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning i Eid frå hausten 2019
  • Ny og større kommune frå 2020 (Stad kommune)
  • Etablering av Fjordane Virtuelle Campus med statleg medverknad
  • Styrka økonomi og drift ved Norsk Fjordhestsenter