Vårt mål for å betre samferdsla i Kvinnherad

Kvinnherad er ein langstrakt kommune og det gjer utfordringar innan samferdsle, både innad og ut frå kommunen. Vi treng eit betre busstilbod på kveldstid på strekkene Husnes – Utåker og Husnes – Halsnøy. Vi treng betre fergemateriell i sambanda våre, og vi treng kortare reiseveg mot Bergen og Haugesund/Stavanger.

Kvinnherad Venstre ynskjer:

  • fergefri tilknytning til E39/Sunnfast.
  • ferge frå Sunde til Jektevik fram til Sunnfast er realisert.
  • samanhengande gang- og sykkelsti i heile kommunen.
  • å betra snøggbåtstilbodet mot Bergen.
  • eit prøveprosjekt med nullutslepps-snøggbåt mellom Kvinnherad og Os.
  • Å auke busstilboda i kommunen, gjerne med bestillingsruter som eit prøveprosjekt.
  • utbetre vegstandarden på dei kommunale vegane. T.d på Ølve, Varaldsøy, Halsnøy, Matre og Åkra.
  • Trafikksikringstiltak i heile kommunen med særskilt fokus på trygge skulevegar for borna våre.
  • snarleg realisering av Fjelbergsambandet.
  • realisering av «Kvinnheradspakken», samt planlegging og oppstart av «Kvinnheradspakken 2».
  • Å arbeide vidare med Sunnhordlandsdiagonalen som arm mellom E39 og E134.