Meir openheit i nye Sogndal

Eit godt lokaldemokrati kjem ikkje av seg sjølv. Skal innbyggjarane ha tillit til nye Sogndal kommune og lokalpolitikarane, må kommunen legge opp til meir openheit der folk er sikra innsyn og reell medverknad.

Av Trude Risnes, ordførarkandiat Sogndal Venstre (innlegget først publisert i Sogn Avis 17. august 2019)

Kommunen skal tene fellesskapet og forvaltninga må vera i tråd med det innbyggjarane forventar og opplever som rett. Sogndal Venstre meiner difor at folkevalde og administrasjon i nykommunen må legge stor vekt på å inkludere og involvere folk, næringsliv og organisasjonar i utviklinga av nye Sogndal.

Foto av Trude Risnes I alle delar av kommunen må folk oppleve at dei blir høyrt og at vedtak blir til gjennom opne prosessar. For å bidra til dette vil Sogndal Venstre arbeide for fleire konkrete tiltak:

  • Me vil at alle møte i kommunestyret, formannskapet og utval skal strøymast på internett og vere tilgjengelege også etter at møta er avslutta.
  • Me vil at kommunen skal sikra tidleg og reell medverknad i viktige prosessar og gjerne ta i bruk digitale løysingar for å styrka innbyggjardialogen.
  • Me vil at kommunen skal praktisere meiroffentlegheit og følgje råd om openheit frå pressas offentlegheitsutval, for eksempel rask og direkte publisering av fulltekstdokument frå postlista.
  • Me vil at den nye ordføraren skal vere meir tilgjengeleg for folk og ha faste kontordager i bygdene og tettstadane.
  • Me vil styrka ungdomsrådet si rolle, med talerett i det nye kommunestyret og etablere eit eige fond som rådet kan disponere.
  • Me vil styrka folkevaldopplæringa for å betre eigarstyring og kontroll, og at kommunen jamnleg skal gi ut ei eigarskapsmelding. Der må det framgå kva ein vil med kommunalt eigarskap i ulike verksemder og kva etiske retningsliner som ligg til grunn.

Venstre har alltid forsvart ytringsfridom, pressefridom og openheit som grunnleggande demokratiske verdiar. Når Sogndal, Leikanger og Balestrand no slår seg saman, vil me at folk engasjerer seg i samfunnsdebatten og ikkje opplever at store og små beslutningar blir fatta i lukka rom. Da er også svaret meir openheit – ikkje i festtale, men i praksis.

— O —

Sogndal Venstre sine 26 kandidatar på lista til kommunelvalet er no klare for å gjere nye Sogndal til ein endå betre kommune å bu i. Les heile valprogrammet vårt her.