Dahir (Abdirahman Abdullahi Dahir)

Dahir

Hallo venner

Eg har valt å stille som listekandidat for Luster Venstre ved kommunevalet i år, og har opplevd Venstre som eit parti som tek innvandring og integrering på alvor både sentralt, på fylkesplan og i kommunen. Etter mi oppfatning er det fem måtar Norge og Luster kommune best kan hjelpe flyktningar å integrere:

  • Forsikre den enkelte innvandrar om at kvalifikasjonar frå heimlandet og arbeidserfaring vert vurdert,
  • Behandle psykiske og fysiske helseproblem tidlegast mogleg,
  • Å behandle flyktningar ulikt, avhengig av bakgrunnen deira,
  • Å vera spesielt merksam på einslege, mindreårige som er komne forbi den obligatoriske skulealderen, og
  • Fremja lik tilgang til integrasjonstenester til humanitære innvandrarar over heile landet.

Som medlem av Luster Venstre har eg fått stor forståing for at dette arbeidet, også lokalt, er viktig for heile lokalsamfunnet. Det er heldigvis enkelt å arbeide saman med andre frivillige i lokale organisasjonar som har den same oppfatninga om integrering.

Stem Venstre

Valbrosjyre Luster Venstre