Grønt transportløft

Leiinga i Venstre og stortingsgruppa har etter ein grundig diskusjon vedteke å slutta seg til avtalen om bompengar og auka satsing på kollektivtrafikk. Denne avtalen inneber eit grønt transportløft for heile landet!

Venstre er utruleg stolte over å kunne stå bak denne avtalen, som vil gje betydelig auka ressursar til å styrka kollektivtilbudet i heile landet. Avtalen gjer reinare byluft, færre bilar i byane og en stor satsing på kollektivtransport i heile landet. Den forsterkar regjeringsplattforma og nasjonal transportplan med ytterlegare satsing på klima- og miljøvennlige transportløysingar.

Nullvekstmålet, som handlar om å sikra at det ikkje blir fleire bilar i byane, ligg fast. Det viktigaste verkemiddelet er å styrka alternativa til å køyre bil. Det betyr meir buss, tog og bane, billegare billettar, fleire sovevogner og fleire togavgangar.

Både bygd og by får støtte. Vi fjernar bompengar i distrikta, der folk ikkje har alternativ til å køyre bil. Byvekstavtalane som er nøkkelen til grøn byutvikling i byane, forsterkast med 800 millioner i året.

Regjeringa prioriterar med denne avtalen grøn og effektiv transport i heile landet. Venstre har i heile prosessen vore løysingsorientert og villege til å forhandle, samstundes som vi har vore tydelige på at Noreg skal utviklast i en grønere, meir klimavennlig retning. Difor feirar vi gjennomslag for meir og billegare kollektiv, reinare luft og meir effektiv transport.

Kvinnherad Venstre er særskild nøgd med tiltaka som kjem Hordaland og Vestland til gode:

  • Budsjett 2020: 250 millionar kroner øyremerka til kollektivtiltak i distrikta, blant anna for å sikra betre busstilbod.
  • Billegare månadskort på buss.
  • 50 millionar til auke av Enovas fond for klimavennleg næringstransport.
  • Auka satsing på rassikring og breidbandsutbygging i distrikta