Valresultat for kommunestyrevalet 2019

Kommunestyrevalet i Sveio gjekk ikkje som me hadd ønskja.

Me har ( gått ned med 1,5 % frå førre KS-val, og Venstre er no ute av kommunestyret i Sveio. Venstre ser liknande tal rundt i resten av Noreg.

Eg vil på vegne av Sveio Venstre og meg sjøl gjerne nytte høve til å takke alle listekandidater i Sveio Venstre for ein framifrå innsats i valkampen.

Eg vil òg takka fleire Venstre-folk i nabokommunane for hjelp, rettleiing og inspirasjon.

Eg vil avslutningsvis takke listetoppane i høvesvis KrF, H, FrP og Ap for å ha teke godt i mot meg som «ny». Ønskjer òg det nye kommunestyret lukke til! Det heldt ikkje heilt inn denne gongen for Venstre.

Sist, men ikkje minst, vil eg takka alle veljarane våre! Eg håpar det politiske saknet av Venstre i Sveio vert merkbart slik at me gjer eit brakval neste gong!

Bernhard E. Nerland
Leiar