Hilmar Eliasson samrøystes vald som ny leiar av Kinn Venstre

Årsmøtet til Kinn Venstre vart gjennomført fredag 24. januar. Diverre måtte partileiar Trine Skei Grande melde forfall, sidan det same dag vart utpeika ny regjering. Vi er lova eit snarleg besøk frå partileiaren og det gler vi oss til.

På årsmøtet vart alle val gjennomført i samsvar med det som valkomiteen la opp til, med den endringa at Dina Bovim vart valt til utsending til fylkesårsmøtet i staden for Marit Krogsæter som likevel ikkje hadde høve til å reise.

Slik styre vart samrøystes vald:

Leiar: Hilmar Eliasson (2 år, ny)
1.nestleiar: Edvard Iversen (1 år, attval)
Medlem: Lasse Seim (2 år, ny)
Medlem: Selma Strand Larsen (1 år, attval)
Medlem: Karoline Korneliussen (2 år, ny)
Medlem: Rune O. Nilsen (1 år, attval)
Medlem: Klaus Iversen (1 år, attval)
Medlem: Jan Henrik Nygård (1 år, attval)
Medlem: Torstein Hagen (2 år, ny)
Medlem: Marit Barsnes Krogsæter (1 år, attval)
Medlem: Åse-Iren Korneliussen (2 år, ny)
Medlem: Sebastian Kvalheim (2 år, ny)

I tillegg deltar følgjande i styret, som ikkje vert vald av Kinn Venstre sitt årsmøte:
Styremedlem (representant frå Unge Venstre): Dina Bovim
Observatør med tale og forslagsrett: Gruppeleiar Jacob Nødseth

Det vart ikkje vald varamedlemmar til styret.

Utsendingar til fylkesårsmøtet til Vestland Venstre på Voss 8.-9. februar 2020

  1. Edvard Iversen
  2. Jacob Nødseth
  3. Hilmar Eliasson
  4. Åse-Iren Korneliussen
  5. Sebastian Kvalheim
  6. Dina Bovim

(Merk at Jan Henrik Nygård deltar i kraft av andre verv)

Varautsendingar:

  1. Klaus Iversen
  2. Njål Eliasson

Styret fekk fullmakt til å supplere varalista. Ein bør i dette arbeidet strebe etter kjønnsbalanse.

Revisor

Ingrid Kassen (attval)

Valkomité

Årsmøte attvalde Jacob Nødseth som leiar av valkomiteen. Styret fekk fullmakt til å peike ut ein medlem av komiteen og det same fekk Kinn Unge Venstre.

Jan Henrik Nygård (fra v.), Edvard Iversen og Rune O. Nilsen fekk blomster på årsmøtet. Jan Henrik har vore varaordførar i Flora kommune i ti år fram til 31.12.19 og fram til årsskiftet var han den siste leiaran i Sogn og Fjordane Venstre. Han har også gjort ein stor jobb som leiar i fellesnemnda for Kinn kommune. Edvard Iversen gjekk av som gruppeleiar for Vågsøy Venstre 31.12.19 og Rune O. Nilsen gjekk av som leiar av Kinn Venstre, den første i rekka.