Uttalelse: Flyktningar og høve til å jobba

Foto: iStock

Under fylkesårsmøtet til Rogaland Venstre i helga blei det vedteke ei fråsegn om flyktningar og høve til å jobba.

Alle vil at flyktningar skal koma fort i jobb, men kvifor er det likevel så vanskeleg?
Saka har fått ekstra aktualitet i det siste grunna dom mot tidlegare biskop Gunnar Stålsett som har hatt „ureturnerbar“ flyktning i arbeid.

Dei fleste flyktningane er veldig opptekne av å koma fort i arbeid og forsørga seg sjølve. Dette er viktig for både flyktningane og for samfunnet. Ein samarbeidsavtale mellom kvar kommune og Arbeids- og velferdsetaten om introduksjonsordninga styrer organiseringa av flyktningarbeidet og skal syta for at flyktningar kjem fort i arbeid eller utdanning.

Rogaland Venstre meiner at jobben med å skaffa arbeid til flyktningar må ha førsteprioritet saman med språkopplæring. Språkopplæring og å jobba kan gå hand i hand. Det vil og vera lettare å busetta flyktningar rundt om i landet om dei berre får arbeid og har høve til å jobba.

Det er både destruktivt og nedbrytande å måtta sitta år etter år på eit flyktningmottak utan høve til å jobba og kunna forsørga seg sjølv. Dette gjeld alle flyktningar, også dei “ureturnerbare”. Å få lov til å jobba når ein har helse til det er ein menneskerett. Rogaland Venstre ber regjeringa arbeida for og leggja til rette for at alle flyktningar, uavhengig av grunnar for at dei er komne til landet, skal ha rett til å jobba.