Regjeringa flyttar grensa for iskantsona sørover

–Iskantsona skal verne eit av dei mest sårbare områda i verda. Det er heimen til unike dyrearter som lever i heilt spesielle tilhøve, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. På bilete ser vi ei av verdas mest sjeldne ender. Ei stellerand (Polysticta stelleri) som finn mat ved eit isflak i Barentshavet. , Foto: iStock

Regjeringa har lagt fram forvaltningsplanen for havområda. – Dette er den største sigeren for sårbare havområder sidan vi redda Lofoten, Vesterålen og Senja, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn
Vi har hatt som mål å flytta iskantsona sørover. Det har vi klart. Det er ein siger. For miljøet, klimaet, regjeringa og Venstre, seier Rotevatn.

Regjeringa foreslår å flytta grensa for petroleumverksemd i Barentshavet sørover, til område det i gjennomsnitt finns havis 15 prosent av dagane i april månad. Det er denne grensa som no får mest merksemd i forvaltningsplanen.

Sårbar natur

– Det er heller ikkje rart. Iskantsona skal verne eit av dei mest sårbare områda i verda. Det er heimen til unike dyrearter som lever i heilt spesielle tilhøve, seier Rotevatn.

– Vi snakkar om algar og plankton, fugl og fisk, sel og isbjørn, i eit økosystem som lever i ein delikat balanse. Vi har hatt som mål å flytta iskantsona sørover. Det har vi klart. Det er ein siger. For miljøet, klimaet, regjeringa og Venstre, seier Rotevatn.

Les: Derfor er «iskanten» så viktig.

Sterkare vern i Barentshavet

Det er grundig arbeid som ligg bak forvaltningsplanen. Det er eit viktig dokument som set rammer for menneskeleg aktivitet av omsyn til naturen. Planen legg rammene for berekraftig havøkonomi med fiskeri, skipsfart og petroleumverksemd, samstundes som Noreg tek omsyn til miljøet i havområda.

Iskanten flyttes sørover.
Det er eit svært område på 56.539 kvadratkilometer får no sterkare vern. På det meste går grensa 134 kilometer lengre sør.

– Det er eit svært område på 56.539 kvadratkilometer får no sterkare vern. På det meste går grensa 134 kilometer lengre sør.

– Dette er ei klar og tydeleg grense som ikkje opnar for unntak. Det blir ikkje oljeaktivitet nord for denne grensa. Tidlegare regjeringer har flytta grensa for oljeboring nordover. På vår vakt flyttar vi grensa sørover, understrekar Rotevatn.

Kampen for klimaet held fram

Klimaendringane gjer at iskantsona og artane som finns der vert meir sårbare. Auka utslepp er ei utfordring for verda og Barentshavet.

– Klimagassutsleppa skal ned og vi skal stanse endringane i klimaet. Tidlegare i år fekk Venstre gjennomslag for eit nytt og forsterka klimamål for Noreg. Vi skal halvere utsleppa dei neste ti åra, og vi er godt i gang med det arbeidet, avsluttar Rotevatn.

Les: 1.11.2019: Laveste klimagassutslipp siden 1995.

Fire fakta: Iskantsona og Forvaltningsplanen

  • Klar grense for petroleumsverksemd ved iskanten. Diskusjonane om kvar denne grensa går eller skal gå, og om den er eller skal vere fast eller flytande, kan vi no legge bak oss.
  • Grensa går der det statistisk finst havis 15 % av dagane i april månad, basert på satelittobservasjonar dei siste 30 åra (1988-2017). Dette kallar vi 15% isfrekvens.
  • Grensa er ei linje som strekker seg frå grenselinja mot Russland i Aust, forbi Bjørnøya, og vidare opp langs vestkysten av Svalbard. Nord for denne linja skal det ikkje setjast i verk petroleumsverksemd.
  • Grensa skal gjelde til ho eventuelt vert oppdatert i kommande forvaltningsplanar, tidlegast i 2024.