Noreg har plass til Moriaflyktningar

Foto: www.fn.no

Fylkesstyret i Vestland Venstre vedtok laurdag følgjande fråsegn:

Me ser med gru på det som no skjer med flyktningane i Morialeiren. Me i Vestland Venstre meiner Noreg bør gjere som Marte Svennerud – å vise at me har hjarterom for folk som er i naud og ønskje dei velkomne til Noreg.

Noreg har tradisjon for å vere ei humanitær stormakt. Det er ein stolt tradisjon som me må halde i hevd. Mange kommunar har meldt frå at dei har kapasitet til å ta i mot flyktningar, særleg fordi det så langt i år har vore busett færre flyktningar enn planlagt.

Me i Vestland Venstre meiner me i Noreg har plass og ressursar til å ta imot folk i naud. Difor bør me ta imot mange fleire flyktningar og la dei få ei framtid her i landet.

Sjå også:

Evakuer barna fra Moria nå! – fråsegn vedteke av Venstre sitt landsstyre i april