Status for nominasjonsprosessen i dei to valkrinsane i Vestland per oktober

Foto: Venstre

Dei to nominasjonsnemndene har vore i arbeid sidan mai i år og dei har hatt lokallaga og sideorganisasjonane med på høyring for å finne gode listekandidatar. Les meir om det her.

Stortingsvallista i Sogn og Fjordane kan ha 10 namn, medan lista i Hordaland valkrins kan ha 22 namn.

I Sogn og Fjordane valkrins av Vestland Venstre har det allereie vore gjennomført prøvenominasjon i lokallaga etter at aktuelle kandidatar har vore presentert i ei alfabetisk liste. Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane valkrins er ferdig med intervju, og er klar for sluttarbeidet med å setje opp eit listeforslag.

I Hordaland valkrins vil ei alfabetisk liste med aktuelle kandidatar vere klar kring 15. oktober og lokallaga gjennomfører prøvenominasjon innan 1. november. Lokallaga vil få tilgang til korte videopresentasjonar frå kandidatane. Nominasjonsnemnda i Hordaland har allereie gjennomført intervju med 17 personar som har meldt interesse for ei plassering blant topp-10 og har enno nokre få kandidatar att å ha samtalar med.

Listeframlegga frå dei to valkrinsane koordinerast og offentleggjerast truleg tidleg i desember.

Det er vedteke på fylkesårsmøtet i år at nominasjonsmøter for begge valkrinsane vert halde i samband med fylkesårsmøtet andre helga i februar 2021.