Interpellasjon – Plastfri kommune

Hareid Venstre, 1-3
Hareid Venstre sine tre første kandidatar, f.v. Jenny Helen Korsnes, Annika Brandal og Ann-Christin Bonde Helliksen., Foto: Hareid Venstre

Til kommunestyremøte sist torsdag hadde Hareid Venstre ved Jenny H. Korsnes interpellasjon om å bli plastfri kommune.

Interpellasjonen kan du lese her:

Plast på avvege er vår tid største miljøproblem, og utgjer ein fare for alt liv. Som kyst- og øykommune bør vi gjere det vi kan for å skjerme livet i havet frå å bokstaveleg talt kvelast, og vi bør vere bekymra når det fins mikroplast i vatnet vi drikk og maten vi et.

TV-aksjonen i år har vist eit stort engasjement for plast i havet, og mange, også her i Hareid har nytta høve til å rydde lokalt, samtidig som dei har samla inn pengar til å rydde også globalt.

Fleire og fleire land innfører forbod mot plastposar, og Afrika fører an i denne kampen. Rwanda var første land i verda som innførte forbod mot plastposar i 2008. No er plastposar også forbudt i Italia, Frankrike, Kamerun, Mali, Uganda, Etiopia, Tunis, Tanzania, Eritrea, Sør-Afrika og Kenya.

Gjennom fleire tiltak frå regjeringa, blant anna frå klima- og miljøministrane Ola Elvestuen og Sveinung Rotevatn, er det tatt initiativ til ein internasjonal kamp mot plast på avveie. No er det viktig at Noreg ikkje blir hengande etter. Venstre ynskjer at Hareid kommune skal jobbe for å bli ei plastfri kommune. Vi veit at det allereie er gjort ein del arbeid både i kommunen sine bygg og i næringslivet. Vi vil vere med å løfte dette. Vi trur det kan verte positivt for næringslivet, vi trur innbyggarane er opptatt av å vere med på å gjere ein skilnad – og vi er sikre på at kvart einaste tiltak er med på å hjelpe havet og naturen.

Vi håper kommunestyret vil støtte Venstre sitt initiativ om å bli ei plastfri kommune.

Vikebladet om interpellasjonen (for abonnentar): Vil at Hareid kommune skal bli plastfri

Ordførar Bernt Brandal svarte på interpellasjonen, og takka for eit viktig tema blei tatt opp.

Interpellasjonen blei fulgt opp med eit oversendingsframlegg, som vart einstemmig vedteke.

I rullering av klimaplanen frå 2009 må Hareid kommune ha ein visjon om å bli ei plastfri kommune. Fram mot dette må Hareid kommune starte dette arbeidet i eiga verksemd. Dette innber ma. å nytte alternativ til eingongsplast, tilrettelegge for kjeldesortering av plast i alle kommunale bygg, samt redusere plast og plastrelaterte produkt i komande utbyggingsprosjekt.

Kommunestyret ber formannskapet om at det i løpet av 2021 blir lagt fram ei sak om “plastfri kommune” som del av arbeidet med rullering av klimaplan.