Domstolsreform som sikrar rettstryggleik for innbyggarane

Stortingsrepresentant Solveig Schytz og førstekandidat på stortingslista Lena Landsverk Sande, Foto: Vanylven Venstre

– Rettstryggleiken til innbyggarane er viktigast. Det skriv førstekandidat til Venstre si stortingsliste Lena Landsverk Sande saman med stortingsrepresentant Solveig Schytz i dette innlegge om domstolsreformen

Rettstryggleiken til innbyggjarane er viktigast

Stortinget vedtek no ein ny og moderne domstolsstruktur. For Venstre har det vore avgjerande at vi sikrar god kompetanse i domstolane og kompetansearbeidsplassar i hele landet, at bemanninga av domstolane i distrikta minst blir oppretthalde som i dag, og at vi skal ha politisk styring med eventuelle framtidige endringar i domstolstrukturen. Dette er ei reform som skal sikre auka rettstryggleik i heile landet. Norske domstolar er gjennomgåande gode, og har høg tillit. Slik vil vi at det skal vere i framtida også. Rettskrinsar blir slått saman, men alle domstolar, inkludert alle jordskifterettar skal bestå: Ingen domstolar skal leggast ned!

Endring må skje, fordi vi har nokre utfordringar som må løysast: vi har for lang sakshandsamtid og nyttar ikkje ressursane godt nok. Det er vanskeleg å rekruttere dommarar i små tingrettar. Sakene er ofte skeivt fordelt mellom by og land, og vi ser at saker vert avgjort ulikt frå domstol til domstol. I tillegg er dei minste domstolane sårbare for sjukdom og inhabilitet.

Skal vi sikre god rettstryggleik i heile landet for framtida må vi sikre god kompetanse og sterke fagmiljø, moglegheit for spesialisering, auka digitalisering, kortare sakshandsamingstid og god bruk av ressursane i domstolane både i bygd og by. Fleire domstolar blir no samla i større rettskrinsar, slik at dommarane kan ta saker ved fleire tinghus innanfor sin rettskrins. Dermed kan sakene blir fordelt meir likt mellom tinghusa innanfor same krins. Dette vil bidra til auka aktivitet i distriktsdomstolar, med enno betre vilkår for den einskilde domstol og for kompetansearbeidsplassar tilknytt domstolen.

Over tid har vi sett lesarinnlegg frå Jenny Klinge frå Senterpartiet som gjer alt ho kan for å så tvil om regjeringa sine intensjonar når det gjeld domstolreforma. Er det slik at dei er meir opptekne av å behalde gamle titlar, enn å betre rettstryggleiken for brukarane?

-Hor med ord er ikkje greitt, heller ikkje når det kjem frå statsrådar og stortingsrepresentantar, seier Jenny Klinge i Tidens Krav den 9. november, når regjeringa saman med FrP seier at domstolane og bemanninga skal bestå som i dag. Klinge fokuserer på at ein tingrett er ein domstol med eigen domstolleiar og ein eigen rettskrets.

I Sunnmørsposten den 13.09 skriv Sorenskrivar Elisabeth Wiik at alle leiarstillingane står for hogg, og skal lysast ut att. Det er riktig at det blir færre leiarar, og fleire dømmande årsverk. Vi er opptatt av at det er innhaldet, ansvaret og betra kvalitet som tel.

Er det slik at Klinge meiner at regjeringa ikkje fortel sanninga, sidan ho kjem med slike påstandar? Lyg regjeringa og FrP? Er ikkje det å gå vel langt? Og er titlane viktigare enn rettstryggleiken? Om retten heiter Møre og Romsdal Tingrett eller Tingretten i Volda er nok underordna for den som har ei sak som skal handsamast, og som ynskjer både framdrift og likebehandling. Stillingane blir ikkje borte. Men det er rett at det blir færre med tittelen Sorenskrivar, for no skal fleire årsverk nyttast til kjerneverksemda.

Stortinget vedtar no eksplisitt at på rettsstader som har fire dommarårsverk eller mindre, så skal bemanninga opretthaldast minst på samme nivå som i dag, og aktiviteten i domstolane som i dag har ledig kapasitet vil auke ettersom ein no får heilt nye moglegheiter til å flytte både saker og dommarar med spesialkompetanse mellom domstolane. Saksbehandlingstida skal gå ned og alle skal sikrast lik handsaming, uavhengig av om domstolen ligg i ei bygd eller i ein by. Domstolane er budsjettvinnarar i statsbudsjettet. Det er ei stor auke i satsinga på rettstryggleik, og det kjem over 50 nye dommarstillingar rundt om i heile landet. I tillegg er politiet styrka med heile 100 millionar ekstra, noko som også er viktig for tryggleiken i folket.

Takk til kvar og ein som har stått på for å sikre distrikta! Vi har lytta til soreskrivarane og auka bemanninga. Nokre sorenskrivarar kjem til å miste tittelen sorenskrivar, men ingen skal ta frå dei jobben. Dei får fleire kollegaer i distrikta, og dei får levere enda betre tenester til folket. Det er ein siger.

Lena Landsverk Sande, stortingskandidat M&R Venstre

Solveig Schytz, stortingsrepresentant Venstre