Nominasjonsnemnda si innstilling for Hordaland valkrins er klar

Terje Breivik og Sveinung Rotevatn
Terje Breivik og Sveinung Rotevatn. , Foto: Liv Aarberg, Montasje: Kari Ø. Toft

Nominasjonsnemnda for Hordaland valkrins leverte i dag sitt framlegg til liste for Venstre ved Stortingsvalet neste haust.

– Nemnda er delte i synet på kven av Terje Breivik og Sveinung Rotevatn som skal vera vår 1. kandidat, og det er teke ut dissens, seier leiar i nominasjonsnemda Synnøve Handeland

Både sittande stortingsrepresentant Terje Breivik og 1. nestleiar Sveinung Rotevatn ønskte seg førsteplassen. Responsen frå lokallaga har vist at dei begge har støtte i organisasjonen.

Nominasjonsnemnda har ikkje lukkast å bli samde om éin 1. kandidat, og det vart dermed dissens. Øvrig liste er einstemmig innstilt.

Nominasjonsmøtet for både Hordaland og Sogn og Fjordane valkrins er 13. og 14.februar på Thon Hotel Bergen Airport.

Les om den innstilte lista for Sogn og Fjordane valkrins her.

Fleirtalet med fire røyster har lagt vekt på følgjande i si innstilling til 1. kandidat:

Fleirtalet ønskjer nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn (Stad), som partiet sin toppkandidat i Hordaland. Han er ein markant rikspolitikar for Venstre, med godt oversyn over dei viktigaste politikkområda for partiet, god formidlingsevne og stor arbeidskapasitet. Sveinung vart vald inn på Stortinget i 2013 for Sogn & Fjordane og har seinare vore statssekretær i fleire departement. Han er no Klima- og miljøminister i regjeringa Solberg. Han har òg mellom anna vore leiar i Unge Venstre og kommunestyrerepresentant i Eid.

Mindretalet med tre røyster har lagt vekt på følgjande i si innstilling til 1. kandidat:

Mindretalet ønskjer stortingsrepresentant og parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik (Ulvik), som partiet sin toppkandidat i Hordaland. Terje har lang fartstid i Venstre gjennom fleire tiår, som ordførar, generalsekretær og stortingsrepresentant. Breivik er ein markant næringspolitikar, med eit stort nettverk i næringslivet. Terje er Venstre sin representant i Kontroll- og konstitusjonskomiteen og Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget. Han er respektert i og utanfor Venstre som ein påliteleg og solid politisk handverkar, med lang erfaring og godt oversyn over sakene som er viktige for partiet.

1 avhaldande stemme (Trude Sletteland – Venstrekvinnelaget)

Då nemnda møttest for avklaring av mellom anna kandidatar som hadde takka nei til plass, fremja Venstrekvinnelaget sin representant forslag om å ta 1. plassen opp til ny votering då ho ynskte å støtta Terje Breivik sitt kandidatur. Synnøve Handeland, Elin Seim, Bjørn Tore Sund og Trude Sletteland støtta dette. Framlegget fekk såleis ikkje fleirtall, og det vart ikkje halde ny votering.

Ane Breivik, leiar i Bergen Venstre

Ein samrøystes komité ønskjer ungdomskandidat og leiar i Bergen Venstre, Ane Breivik (Bergen) som partiet sin 2. kandidat i Hordaland. Ane er eit politisk talent av dei sjeldne. Trass i ung alder er Breivik nestleiar i Noregs Unge Venstre og leiar i Bergen Venstre. Ho studerer òg juss ved Universitet i Bergen og har ein imponerande arbeidskapasitet. Ane er opphavleg frå Bærum og har allereie fleire år bak seg i partiet. Ho er ein særs god debattant og kan formidle Venstre sin politikk til publikum på ein forståeleg måte. Ane har leia Unge Venstre sitt arbeid med ny politisk plattform og kjenner ungdomspolitikken godt.

PS: Ane Breivik er ikkje i slekt med Terje Breivik.

Geir Angeltveit, kommunestyrerepresentant på Stord

Ei samla nemnd ønskjer kommunestyrerepresentant på Stord, Geir Angeltveit, på tredjeplass på lista. Geir har vært aktiv i Venstre og Unge Venstre i fleire år, som tidlegare fylkestingsrepresentant i Hordaland og i fleire verv i begge organisasjonane. Han er ein markant politikar med ein sterk posisjon i Sunnhordland, ein god lagspelar og organisasjonsbyggar med god kompetanse på utdanning og samferdsle.

 

 

Synnøve Handeland

Nominasjonsnemnda har bestått av: Synnøve Handeland (leiar), Bjørn Tore Sund, Tallak L. Rundholt, Alf Helge Greaker, Elin Seim, Trude Sletteland (Venstrekvinnelaget), Miriam Seim/Njaal Neckelman (Unge Venstre) og Solveig Hillestad (Liberale Studentar), samt Elizabeth Toft Erichsen (1.vara) og Emina Koch (2.vara).

 

 

 

Nominasjonsnemnda si innstilling til stortingsvalliste for 2021 i Hordaland valkrins

1. Sveinung Rotevatn, Stad – Dissens: Terje Breivik, Ulvik
2. Ane Breivik, Unge Venstre/Bergen
3. Geir Angeltveit, Stord
4. Ingrid N. Fjeldstad, Bergen

5. Petter S. Ulriksen, Ullensvang
6. Agnes H. Bernes, Alver
7. Børge Haugetun, Øygarden
8. Miriam L. Seim, Alver

9. Harald Queseth, Bergen
10. Julie S. Andersland, Bergen

11. Heine Johansen, Bergen
12. Åsta Årøen, Bergen

13. Arild Raftevoll, Askøy
14. Kjersti I. Vevatne, Osterøy
15. Marius H. Hindenes, Alver
16. Elin Seim, Voss

17. Erlend A. Horn, Bergen
18. Astrid Dale, Bjørnafjorden
19. Geir Kjell Andersland, Bergen
20. Vanja Espeland, Bømlo

21. Kari Østervold Toft, Øygarden
22. Ingebjørg Winjum, Voss

 

Kontaktperson: Synnøve Handeland, mobil 40404973