Kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal får 4,1 millionar kroner i gåveforsterking frå Kulturdepartementet

Harry Valderhaug (Krf), Lena Landsverk Sande (V) og Anders Riise (V)
Pressefoto

Føremålet med gåveforsterkingsordninga er å stimulere til meir privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver. Private gåver utløyser gåveforsterking til mottakaren på normalt 25 prosent av gåvebeløpet.

– Gåveforsterkingsordninga har på få år blitt ei populær og kjærkoma inntektskjelde for kulturlivet over heile landet, ikkje minst under pandemien, seier Anders Riise (H). I 2020 fekk store og små kunst- og kulturinstitusjonar private gåver som totalt utløyste 152 millionar kroner i gåveforsterking frå Kulturdepartementet. Det er ny rekord, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Sidan ordninga var innført i 2014 har det heile tida vore stor interesse og oppslutning om ordninga, og frå å gjelde berre museum, har ordninga vorte utvida til å omfatte gåver til alle museum, musikk-, litteratur- og scenekunstfeltet, visuell kunst og kulturbygg, fortel Lena Landsverk Sande (V).

– Ordninga er blitt ein suksess og vi ser at kulturlivet i Møre og Romsdal er aktive i arbeidet med å skaffe private gåver, fortel Harry Valderhaug (KrF). Det er gledeleg å sjå at det ikkje berre er store institusjonar på lista, men at vi også finn små aktørar som Hellesylt Ungdomslag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

TAbell gåveforsterkningsmidlar