Ørsta trafikkstasjon berga!

Pressebilde, Ørsta trafikkstasjon
Pressefoto

Regjeringspartia Høgre, Krf og Venstre har blitt einige med Frp om at nedlegging av trafikkstasjonen i Ørsta vert stansa, og den vert oppretthalden som i dag.


Dette er ei sak som dei lokale partia i regionen har jobba hardt for å stoppe då dette ikkje berre er ei sak for Ørsta, men for heile søre Sunnmøre. Det inneber også at tenester som skulle leggjast ned i Ålesund vert oppretthaldne.

Det er ei stor glede for meg som møter på Stortinget denne våren å få lov til å gå ut med ei slik gladsak for regionen vår, seier Anders Riise (H). Den er viktig for både næringsliv og innbyggjarar. Fleire tenester har blitt digitalisert, noko som er både gledeleg og naudsynt, men endå er det mange tenester som krev nærleik til innbyggjarar og næringsliv.

Hans Olav Myklebust (Frp) peikar på ordlyden i fleirtalsframlegget som seier, sitat; . «Eventuelle strukturendringer skal ikke gjennomføres før man har på plass gode løsninger som gjør at behovet for fysisk oppmøte er varig redusert, eksempelvis som følge av digitalisering, og ikke får store negative konsekvenser for folk og næringsliv.» Dette gjer Myklebust trygg på at trafikkstasjonen i Ørsta er berga i overskueleg framtid.

Arild Iversen (Krf) seier at dette var umåtleg viktig for distriktet at ein har slike tjenester som ligg nær innbyggjarane også i framtida. No er det lang ventetid for ulike tenester ved trafikkstasjonane på grunn av pandemien som herjar. Då er heller ikkje strukturendringar det som bør vere hovedfokus.

Anne Sølvi Vatne (H) er sjølvsagt glad for at ein viktig lokal arbeidsplass er sikra, som genererer mange viktige arbeidsplassar i privat sektor ved køyreskular, transportverksemder, forhandlarar av traktor og lastebilar, som er avhengig av nærleik til trafikkstasjonen som på sikt ville kunne blitt svekka av ei nedlegging.

Lena Landsverk Sande (V), som er ordførar i Vanylven, har kjempa for trafikkstasjonen i Ørsta over lengre tid. Vanylven har lang nok reisetid til Ørsta, så vi er takksame for at ungdomane og næringslivet ikkje må reise heilt til Ålesund for desse tenestene, seier ein fornøgd ordførar frå nabokommunen.

Anders Riise (H)
Hans Olav Myklebust (Frp)
Lena Landsverk Sande (V)
Arild Iversen (Krf)
Anne Sølvi Vatne (H)