Uttalelse: Kysten er framtida – vi treng sterke kompetansemiljø knytt til næringa

Ill: Venstre

-Kompetanse, kunnskap og nærleik til næringslivet er avgjerande for å gje støtte til dei framtidsretta verksemdene som gir arbeid og livsgrunnlag for lokalsamfunna, difor vil Møre og Romsdal Venstre at GIEK/Eksportkreditt skal etablere avdelingskontor i Ålesund.

Politisk uttalelse vedtatt på årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 6. Februar 2021

Kysten er framtida – vi treng sterke kompetansemiljø knytt til næringa

Kompetanse, kunnskap og nærleik til næringslivet er avgjerande for å gje støtte til dei framtidsretta verksemdene som gir arbeid og livsgrunnlag for lokalsamfunna, difor vil Møre og Romsdal Venstre at GIEK/Eksportkreditt skal etablere avdelingskontor i Ålesund.

Regjeringa har vedteke at dei to statlege kredittinstitusjonane GIEK og Eksportkreditt frå 1. juli skal slåast saman til ein organisasjon. Med næringsdepartementet som eigar av begge og med delvis overlappande formål, er dette sikkert både smart og naudsynt for å gi staten ei framtidsretta eksportfinansiering for norske verksemder.

Ser vi på GIEK sin årsrapport for 2019 er Møre og Romsdal dei største brukarane av GIEK si garantiordning, med Vestland på plass to. Møre og Romsdal Venstre meinar at det då er avgjerande at verkemiddelapparatet er til stades der mesteparten av eksportverdiane vert skapt.

Det skjer ei rivande teknologiutvikling i Møre og Romsdal, næringslivet er opptekne av grøn omstilling og satsing på klimavennlege løysingar. Omstilling krev finansiering, og skal vi halde fram med å skape store verdiar, så er det viktig å legge til rette for at viktige institusjonar, knytt til lokal næringsverksemd, er i nærleiken.

Eit samarbeid med næringslivet er avgjerande, det er viktig å lytte til aktørane for å spisse tiltaka slik at dei fremmar norsk eksport.

Møre og Romsdal Venstre stiller seg uforståande til DeLoitte sin rapport, som mellom anna hevdar at det kun er i Oslo det er tilstrekkeleg tilgang på kompetanse til å gjennomføre store omstillingsprosessar. Vi er overtydd om at det ikkje er berre i Oslo vi finn den spisskompetansen som trengs i nye GIEK/Eksportkreditt. Bankane i regionen har i lang tid samarbeida mellom anna med GIEK. Sparebank1-gruppa sitt kontor i Ålesund har t.d. hovudansvar for banken sitt engasjement innan offshore, verft, fiskeri og havbruk.

Ønskjer politikarane å bidra til å auke verdiskapinga i Norge vil det nye GIEK/Eksportkreditt vere ein viktig politisk reiskap. Statleg eigarskap må gi føringar for å unngå sentralisering.