Rusreforma: For alle som brenn for fellesskap og menneskeverd

Alfred Bjørlo, Lena Landsverk Sande og Inge Solli
Alfred Bjørlo, ordførar i Stad,, Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven og Inge Solli, ordførar i Nittedal, Foto: Kollasj/Pressefoto Venstre

Eit knippe Ap-ordførarar skriv i VG at dei vil førebygge at barn og unge vert rusavhengige og Noreg treng ny politikk i måten vi behandlar rusavhengige på. Vi kunne ikkje ha vore meir samde. Men Ap-ordførarane har misforstått rusreforma, som er til for å oppnå nettopp desse måla.

Av Alfred Bjørlo, Venstre-ordførar i Stad, Lena Landsverk Sande, Venstre-ordførar i Vanylven og Inge Solli, Venstre-ordførar i Nittedal

Regjeringa, med Venstre i spissen, har nyleg lansert sitt forslag til rusreform. No skal den mislykka ruspolitikken som har ført Noreg til toppen av overdosestastikken i Europa ta slutt. Vi skal hjelpe dei som slit, ikkje straffe. Vi har ikkje fleire liv å misse.

Hugsar de Ap-høvdingen Thorvald Stoltenberg og dottera Ninni sin kamp? Dette er det dei kjempa for. Ein far som kjempa for dottera si og ei dotter som kjempa for sitt menneskeverd. Reformen er ei verdigheitsreform, som skal hjelpe oss til å bli like gode på å støtte kvarandre som Thorvald og Ninni var.

Rusreforma er bygd på rusreformutvalet sin rapport, som igjen er basert på internasjonal forsking. Framlegget om ein rusreform er også i tråd med tilrådingar frå alle FN-organ, som FNs kontor for narkotika og kriminalitet, Verdas helseorganisasjon, FNs høgkommissær for menneskerettar og FNs toppleiargruppe (The Common Postition).

Eit heilt sentralt poeng er at det ikkje kan dokumenterast at straff har effekt på den som vert straffa, eller at det har avskrekkande effekt på bruk av narkotika i samfunnet.

Ein fersk svensk studie syner tvert imot at omlag 40 prosent enten ville ha venta med å kontakte ambulanse ved mistanke om overdose, eller ikkje kontakte helsevesenet i det heile. Vi har óg fleire norske døme på at folk har vegra seg for å be om hjelp i frykt for straff, som Haakon, som døydde etter å ha tatt rundt 1 gram MDMA, men nekta kjæresten å ringe ambulanse då han vart dårleg. Fordi han frykta at det ville innebere at politiet vart involvert. Kvar slik historie er ei for mykje.

Narkotika vil framleis vere ulovleg. Sal skal straffast, for sal er ei bevisst handling som kan påføre andre skade. Det vil seie at vi kan bruke politiet og rettsapparatet sine ressursar der dei trengs mest: Inn mot narkotikaindustrien og dei kriminelle nettverka.

Vi opplever at vi står saman med Ap i ynsket om å vri norsk ruspolitikk i meir human retning. Folk skal få betre og meir tilpassa hjelp, tidlegare. Men det kunnskapsgrunnlaget vi har, slår fast at dagens strafferegime er ei av dei største hindringane for å få til dette. Det perspektivet har ikkje Ap-ordførarane bak VG-kronikken med seg. Heldigvis er det svært mange Ap-folk over heile landet som ikkje hoppar rett i gamle skyttargraver, men tar til seg ny kunnskap og seier ja til rusreform.

Vi ynsker denne reforma velkomen fordi den vil gjera det enklare for fleire å be om hjelp tidlegare. Det vil redde liv, det vil fjerne skam og det vil gjere liv betre. Med rusreforma skal alle få hjelp. Punktum. Det er viktigast for oss.