Venstre vil ha løft for fylkesvegane

Lena Landsverk Sande, Foto: Annika Brandal
No er det berre veker til NTP vert lagt fram, og vi ventar spent på kva prosjekt som vert presentert for gjennomføring i dei komande 4 åra, samtidig som vi får eit frampeik på kva som skal prioriterast 12 år fram i tid. Det er lange ventelister, og vi har mange store og prestisjefylte prosjekt som står i kø.

Lena Landsverk Sande, 1. kandidat stortingsvalet 2021

Vi brenn for ulike vegprosjekt, og personleg er eg glad for at Stad skipstunnel allereie har fleirtal, og såleis blir vedteken i den nasjonale transportplanen denne gongen.

Så no vonar eg på eit slag for fylkesvegane! Ja, vi ber om Voldatunnel, bypakkar, aust-vest hovudvegar, og meir til, men øverst på lista står fylkesvegane. Det trengst midlar til å vedlikehalde dei vegane vi allereie har; dei vegane som er kvardagsvegen for pendlarar, næringstrafikk og for reiselystne. Vi har eit finmaska nett gjennom små og store bygder, som sørgjer for god flyt til, frå og mellom byar og tettstadar, og her må det vere trygt og godt å ferdast. Vi ynskjer oss difor ein betre standard, med trafikktryggleik i fokus, så vi ikkje risikerer ulykker grunna sporete asfalt og smale vegar. Altfor mange vegstykke treng framleis rassikring, og desse vonar eg no vert prioriterte.

Frå 1. januar 2020 tok Møre og Romsdal fylkeskommune sjølv over ansvaret for drift, vedlikehald og forvaltning av 3.240 kilometer fylkesvegar frå Statens vegvesen, og då må det følgje med nok midlar som sørgar for at vegane har den standarden som krevst, for trygg og god flyt i ferda rundt om i fylket vårt. Samtidig vonar eg det kjem midlar til at fylka kan prioritere samband som knyter oss endra betre saman.

Samferdselsutvalet i fylket prioriterte også fylkesvegnettet (artikkel for abo. i Smp) øvst i NTP, så no er eg spent på kva rikspolitikarane våre prioriterer.