E- sportsatsing på Ål

Venstre er på lag med E-sporten

Ål Venstre er glad for å sjå at gode lokale initiativ fører fram. Ål idrettslag kjem i løpet av året med eit tilbod om e-sport på Ål, etter eit initiativ frå Linda Fuglesang Tveito. E-sport er elektronisk konkurransespeling der utøvarane konkurrerer med kvarandre i ulike dataspel. Elektronisk konkurransespeling gir barn og unge ein alternativ arena å drive sport og organisert idrett på, som også er trygg og inkluderande.

Over heile landet sit det barn og unge som ynskjer å trene systematisk, og vil satse på e-sport som idrett, eller som ein utdanningsveg. Fleire idrettslag, ungdomsklubbar, organisasjonar og skular satsar no på e-sport for å møte interessa hos ungdom. Tilbuda er ofte svært populære, men dessverre altfor få. På ein plattform som dei unge ofte har styrt åleine, gir eit organisert e-sporttilbod ein trygg arena med vaksne som støtter og deltek aktivt. Undersøkingar viser at vaksen deltaking skaper tryggleik og gode rammer for mange barn og unge.

Utfordringa er at det mange stader ikkje er tilrettelagt for utvikling av nye e-sportsklubbar. Fordommar, manglande lokaler og pengar står ofte i vegen for tilbod om eit organisert opplegg for e-sport. Vi treng fleire idrettslag som tek e-sport inn som ein av sine idrettsgreiner og legg til rette for organisert aktivitet. I Ål kommune står idrettslaget klart, for komunen gjeld det å bidra til å finne løysingar til passande lokaler. Kanskje «Doktor´n» igjen kan takast i bruk?

Alle barn og unge treng anerkjenning for det dei driv med. Venstre ynskjer at e-sport skal utvikle seg utan klasseskilje mellom dei som har god og dårlig råd, difor er det viktig at vi tek tak no.

 

I hovedstyremøtet til Viken Venstre 4.februar vart fylgjande e-sportpolitikk vedtatt:

Venstre er opptatt av å støtte lokale initiativ og e-sporten generelt i Norge ved å:

  • Jobbe for lokale e-sportstilbud i alle kommuner.
  • Legge til rette for lokale satsninger på e-sport gjennom informasjonsarbeid, finne egnede lokaler og jobbe for midler til oppstart.
  • Få definert e-sport som en sport på linje med andre sportsgrener
  • Legge til rette for større, internasjonale e-sportsarrangement i Norge
  • Lage støtteordninger for å løfte norsk e-sport.
  • Opprette regionale dataspillinstitutt med mål om å bidra med kompetanse innen spillutvikling, gaming og e-sport.