Venstre er eit parti som er på lag med framtida. Vi satsar på skule og oppvekst for alle barn i kommunen. Vi tek vare på naturen slik at komande generasjonar også kan ha glede av urørte område og eit mangfald av plantar og dyr.
Venstre er opptatt av å skape arbeidsplassar slik at folk kan leve og bu i kommunen vår.
Venstre er det sosialliberale partiet i sentrum av politikken i Ål. Venstre legg vekt på at Ål kommune skal vere ein open og aktiv kommune. Vi arbeider for å styrke fellesskapet, og for at alle skal oppleve at dei har noko å bidra med.
Bulyst i Ål
Å skape bulyst og attraktivitet, slik at folk ynskjer å flytte til Ål, er ei utfordring. For å klare det må vi satse på skulen og sikre at Ål er ein god stad å vekse opp. Og at Ål kommune har ein offensiv og optimistisk utviklingskultur. Det skal vere kort veg frå ide til avgjerd, og eldsjeler og initiativtakarar må takast vare på. Kommunen må vere vaken for idear og initiativ som byr seg, frå både innbyggjarar og tilsette i kommunen.
Venstre vil:
- at kommunen set rekruttering øvst på dagsorden gjennom tett samhandling med næringsliv og reiseliv
- vidareutvikle sentrumsnære stigar for både gåande og syklande.
- legge til rette for ulike buformer, men prioritere nærleik til skule og barnehage.
- tilby store tomter i grendene så folk kan etablere «småskalalandbruk»
- greie ut ein modell for større grad av innbyggjarmedverknad, t.d. I form av grendalag.
- Etablere «open spørjetime» i Kommunestyret, slik at innbyggjarar kan kome med spørsmål og innspel til dei folkevalde
Å vekse opp i Ål
Å vekse opp i Ål skal vere trygt og godt. Alle born skal ha like høve til å skape si eiga framtid.
Å utvikle sterk identitet til kommunen i oppveksten, kan føre til tilbakeflytting og auka bulyst. Born og unge er vår viktigaste ressurs. Ål skal ha gode skular og barnehagar som sørger for at alle vert sett og møtt med sine føresetnader, interesser, talent og utfordringar. Når elevar treng ekstra tilrettelegging, skal eleven og foreldra vere trygg på at det er tilstrekkelig spesialpedagogisk kompetanse.
Ål Venstre meiner at innhaldet i skulen er viktigare enn skulestrukturen. Alle skuleelevar skal ha eit solid læringsmiljø. Skulekvardagen skal vere variert og tilpassa kvar elev, slik at eleven kan lære og utvikle seg i sitt eige tempo, i eit trygt, sosialt og mangfaldig miljø.
Læraren er den viktigaste for å skape eit godt læringsmiljø. Læraren i Ål skal ha god fagleg og pedagogisk kompetanse.
Læring skjer når føresetnadane ligg til rette for det. Difor må born og unge si fysiske og psykiske helse ivaretakast. Venstre vil auke den tverrfaglege kompetansen i skule og barnehage for å møte utfordringar knytt til utfordrande åtferd, mobbing og fråfall.
Venstre vil:
- legge til rette for etter- og vidareutdanning i oppvekstsektoren
- auke den tverrfaglege kompetansen i skule og barnehage
- at Pedagogisk Psykologisk teneste (PPT) er tettare på skulane
- legge til rette for alternative læringsarenaer
- styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, gjennom faget entreprenørskap
- gå gjennom innhaldet i Skulefritidsordninga (SFO) og sette krav til kvaliteten.
- starte symjeopplæringa for alle 5-åringar i barnehagen.
- gi born og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familiens økonomi.
- støtte born og unge som utviklar og etablerer eigne arenaer for leik og aktivitet.
Ei god helse heile livet
Det vi lærer som barn, tek vi med oss vidare i livet. Gode helsevanar er viktig for å lukkast i skulen og i arbeidslivet. Fysisk aktivitet, gode kosthaldsvanar og gode sosiale nettverk er viktig helsearbeid. Ein god helsestasjon, gode barnehagar, skular og ein sterk frivillig sektor er viktig for å fremje god helse hjå barn og unge.
Ål kommune skal gi god omsorg til dei som treng det, når dei treng det. Kommunen skal gi rett hjelp til rett tid, og styrke mestring og folkehelse.
Venstre vil:
- ha høg fagleg kvalitet på helsetenestene som skal vera lett tilgjengeleg for innbyggjarane
- ha gode rammer for frivillig arbeid gjennom til dømes Frivilligsentralen
- at tilsette i barnehagar og skular har god kunnskap om vold og overgrep
- satse på foreldrenettverksbygging etter barselsgrupper, og følge opp med foreldreveiledningskurs
- styrke koordinerande arbeid for innbyggjarar med samansette helsebehov
- sikre større brukarstyring ved tilgang til brukarstyrt personlig assistent.
- sikre gode heimetenester med god tilrettelegging og nødvendige hjelpemiddel
- nytte velferdsteknologi for enklare kvardagar, betre velferd og større handlefridom
- ha tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar for å sikre kompetanse på alle nivå
- prioritere å tilsetje fleire lærlingar for å sikre rekruttering av fagfolk.
- vidareutvikle Ål Helsesenter og Hallingdal Sjukestugu
Allsidig næringsliv
Næringslivet er berebjelken i lokalsamfunnet. Småbedriftene sine moglegheiter for verdiskaping er avgjerande for distrikta. Eit allsidig næringsliv er viktig for tilflytting og framtidstru. Venstre arbeider for at det skal vera enkelt å etablere og utvikle si eiga bedrift i Ål, og vil legge til rette for vekst i næringslivet gjennom satsing på næringsutvikling, gründerpolitikk og sterkare samarbeid kommune/skule/næringsliv.
Landbruket er ei viktig næring i Ål. Aktivt landbruk er eit viktig verkemiddel for å sikre trygg matproduksjon, biologisk mangfald og langsiktig og berekraftig forvaltning av areala våre. Næringa er avgjerande for kulturlandskapet, og dermed korleis Ål framstår, for innbyggjarar og turistar. Bøndene bidreg til reduserte karbonutslepp gjennom skogbruk og beitebruk.
Venstre vil:
- ha ein effektiv og konsekvent saksbehandling på søknader frå næringslivet.
- dreie profilen til næringsfondets slik at ein prioriterer prosjekt som er grøne og nytenkjande.
- legge til rette for at også små bedrifter kan delta i offentlege anbodsrundar.
- leggje til rette for byggeklare næringstomter av forskjellig art
- stimulere til at bedrifter og kommuner i Hallingdal går saman om felles utnytting av spisskompetanse, fks Trainee-stillingar og spesialiststillingar.
- at kommunen har samarbeidsarenaer med næringslivet og utdanningsinstitusjonane for å sikre rekruttering og relevant opplæring
- kommunestyret må føre ein politikk som gir gode og stabile rammevilkår for næringslivet.
- kommunen må sørgje for god standard på vegar og annan kommunal infrastruktur
- at Ål kommune bidreg til å bekjempe arbeidslivskriminalitet ved god kontroll av eigne innnkjøp.
- støtte opp om moderne beitebruk og skogsdrift for reduserte karbonutslepp.
- at kommunen skal legge til rette for skogbruk og foredling av produkt frå skogen.
Kultur, idrett og frivillighet
Det er eit mål for Venstre at fleire deltek i både organisert og egenorganisert aktivitet. Ål har gode tilbod innanfor både kultur og idrett, og den frivillige innsatsen er stor.
I løpet av 2019 blir fleire aktivitetar samla i Ål kulturhus. Venstre vil arbeide for at kulturhuset skal vere ein møteplass for alle innbyggjarar, og ein møteplass som bidreg positivt til eit aktivt og levande sentrum.
Kyrkja i Ål er ein viktig kulturberar, og gjer ein viktig jobb for at folk skal finne seg til rette i Ål.
Venstre vil:
- sikre at alle skal ha tilgang på kulturopplevingar uavhengig av livssituasjon
- auke tilskotet til frivillige lag og organisasjonar for barn og unge.
- at alle barn og unge skal ha like muligheter til å delta i lokale kultur- og idrettsaktivitetar, ved å auke rammene for aktivitetstilbodet “Aktiv Ung”.
- arbeide for at fleire får tilgang til musea og kulturminna våre gjennom t.d. bruk av interaktive medier.
- sikre eit mangfaldig kulturskuletilbod
- legge til rette for at lokale kunst og kulturtilbydarar kan presentere kulturuttrykket sitt lokalt.
- støtte opp om aktiviteten ved Leveld Kunstnartun
Klima-, miljø og energipolitikk
Menneskeskapte klimaendringar og tapet av naturmangfold er vår tids største utfordring. Nedbygging av natur bit for bit er den største trusselen for tap av naturmangfald. Både personlig ansvar og politisk medverknad er naudsynt i den lokale miljø- og klimapolitikken. Ål skal fortsatt vere ein attraktiv hyttekommune, men vil bruke kommuneplanarbeidet aktivt for å balansere vern av naturmangfald og friluftsområde, med vekst og utvikling.
Venstre vil:
- at FNs berekraftsmål ligg til grunn i all kommunal planlegging og aktivitet.
- utarbeide eit årleg klimaregnskap for kommunen.
- at kommunale nybygg skal byggjast i materiale med lågast mogeleg miljøbelastning i heile levetida.
- at bilreiser knytt til kommunal møteverksemd skal haldast på eit minimum ved å legge til rette for videomøter, samkøyring og bruk av kollektivtransport
- arbeide for at alle kommunale tenestebilar skal vere utsleppsfrie.
- arbeide for utvikling av den lokale renovasjonsordninga.
- at arbeidet for Ringeriksbanen og eit betre busstilbod mot Oslo og Drammen må få høgare prioritet.
- vere restriktiv med nye hyttefelt, men heller legge til rette for utvikling av gamle hyttefelt
- stille miljøkrav ved offentlege innkjøp av varer og tenester
- Ål Kraftverk skal tilby ålingane fleksibelt straumabonnement med innslag av fastpris til dei som ynskjer det. Prisen skal vere blant dei aller beste i marknaden.
- kommunen skal innføre ei ordning med energiråd og vurdere tilskot til energisparande tiltak.
- at energisparande tiltak og bruk av bioenergi i kommunale bygg alltid skal vurderast.
- ta initiativ ovafor landbruksorganisasjonane for betre handtering av landbruksplast.
- i samarbeid med idrettslaget sørge for løysingar som bidreg til « fangst» av gummingranulat på kunstgrasbanene, og erstatte desse med meir miljøvenlege alternativ når det er på plass.
- at kommunen skal føre ein energipolitikk som stimulerer innbyggjarane til å redusere forbruket av straum, og auke bruken av bioenergi.
Hallingdal i Viken
Mange av oppgåvene vi forvaltar som folkevalde, blir ikkje styrt av kommunestyret, men av ulike interkommunale selskap. Det er eit demokratisk problem. Vi erkjenner at vi er for små kvar for oss, og meiner det må ha betydning for korleis vi organiserer oss. Innanfor mange område har vi små fagmiljø, som slit med rekruttering.
Ål Venstre meiner at Hallingdal står sterkare som ein kommune. Alle kommunane har sine særpreg, og det vil vere ei styrke å vidareutvikle desse i fellesskap til beste for heile Hallingdal.
Venstre vil:
- ta initiativ til ein felles arealplan for Hallingdal.
- arbeide for fleire desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod i Hallingdal
- styrke dei vidaregåande skulane i Hallingdal og sørge for gode samarbeidsrutiner med kommunane, også dei kommunane som ikkje er vertskommunar.
- arbeide for betre kollektivtilbod og prøve ut nye samferdselsløysingar. T.d. ta initiativ til eit samarbeid med Brakar for å teste ut appen « samme vei» for samkøyring i Hallingdal.