Framoverlendt og inspirerande møte mellom næringslivet og næringsministeren

Iselin Nybø
Foto: Oda Scheel

Ålesund Venstre inviterte i førre veke næringsminister Iselin Nybø og kandidatar frå stortingslista til Møre og Romsdal Venstre til digitalt møte med næringslivet i Ålesund.

Webmøte med næringslivet i Ålesund
Næringsministeren møtte representantar frå næringslivet i Ålesund.

Eit utval av bedrifter frå Ålesund var invitert til møte, saman med næringssjef i Ålesund kommune. Stortingskandidatane Lena Landsverk Sande og Frode Heimen tok også del i møtet, saman med representantar frå Ålesund Venstre.

I møtet fekk vi høyre om framtidsoptimisme, grøne løysingar, utfordringar og forslag til løysingar, om gode og mindre gode forslag frå regjeringa – og kva næringsministeren burde ta med seg tilbake til både sitt departement og andre regjeringspartnarar.

Vi ser fram til ei tid der vi kan møtes fysisk, og få endå betre innblikk i alle dei spennande bedriftene vi har både i Ålesund og fylket elles. Inntil det er muleg, er digitale treffpunkt både lærerikt og spennande. Vi vil halde fram med digitale treffpunkt også etter påske.

Har du ønske om eit digitalt møte med stortingskandidatane eller andre aktuelle Venstrepolitikarar, anten du er bedriftseigar, engasjert i ei spesiell sak eller venstremedlem i eit lokallag? Eller ynskjer du å invitere oss på besøk når det er mulig av smittevernomsyn? Send ein e-post til valkampsjef [email protected], så avtalar vi nærare.