Vi må støtte bonden

Lena Landsverk Sande
Lena Landsverk Sande, Møre og Romsdal Venstre sin 1. kandidat i stortingsvalet 2021, Foto: Astrid E. L. Sande

Innlegg av Lena Landsverk Sande i generell politisk debatt, Venstres landsmøte 2021

Kjære landsmøte!

Velkomne til Ulsteinvik og Møre og Romsdal! Takk Abid, for gode ord – vi saknar deg også – og gler oss til du kjem til Vanylven på Kosterikjedagane igjen! Og takk for flott leiartale, Guri! Du motiverer!

Vi skal i dag vedta eit stortingsprogram, som skal danne grunnlag for at vi blir godt representerte på Stortinget, og vere med å påverke korleis framtida vår blir. Eg ynskjer fleire frå Venstre på tinget – som kan jobbe for at rusreforma blir realisert, for at born og unge framleis skal sikrast god tilførsel av kunnskap og allsidig kompetanse i barnehagar og skular, og som prioriterer gode helsetenester på omsorgssenter og i sjukehus, og for alle som treng å bli sett i ei vanskeleg tid i livet.

Men den viktige yrkesgruppa eg vil løfte i dag er bøndene. Eg ynskjer at vi tek heile landet i bruk. Eg ynskjer levande bygder, og godt vedlikehalde kulturlandskap. Skal vi klare dette i framtida, så er vi avhengige av bøndene. Så veit vi at stadig færre vel å bli jordbrukarar, stadig færre vil ta over bruket etter sine foreldre, og stadig fleire må ha ein jobb ved sidan av gardsdrifta – for å ha noko å leve av.

Eg ber difor Venstre om at vi no ser på talgrunnlaget for jordbruksforhandlingane – at vi ser på kor låg reell lønsvekst bøndene har hatt, og at vi ser på kva utfordringar og krav unge bønder står i når dei må investere mangfaldige millionar for å kunne drifte ein moderne gard i dag.

Vi må sjå på kostnadar på kvoter, både i høve leige og kjøp. Kvifor kan t.d. ikkje kvote avskrivast, lurer eg på? Korleis er forholda i høve jordleige? Ein bonde driftar i dag det 5 eller 15 bønder gjorde for nokre år sidan. Det krev tid, gode maskiner, og moglegheiter til å leige inn hjelp i dei mest hektiske periodene. Korleis ser vi på det store maskinbehovet bøndene har i høve å rekke over alt?

Norske bønder leverer det sunnaste kjøtet vi kan få, antibiotikafritt, og med smak frå grøderike jorder og saftige fjellbeiter. Det gjer noko med smaken. Men er det bonden som tener på den gode kvaliteten på kjøtet dei leverer? Nei, det er det ikkje. Og det må vi i Venstre gjere noko med.

Vi kan vise støtte i stortingsprogrammet vårt i dag mellom anna ved å seie frå at det er viktig med husdyr og beitedyr over alt. Ved å støtte bonden sørger Venstre for auka fridom og moglegheiter for oss alle.