Ferjetakstane ned med 10 prosent allerede i 2021, foreslår regjeringa

Møre og Romsdal, Britt Giske Andersen

I revidert nasjonalbudsjett følgjer regjeringa opp oppmodinga frå Stortinget om å redusere ferjetakstane allereie i 2021, skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding. Tirsdag blei forslag til revidert nasjonalbudsjett 2021 lagt fram. Møre og Romsdal Venstre har vore oppteken av ferjetakstane over lang tid. Vi gler oss over at regjeringa foresler å redusere dei med 10 prosent.

– Mange brukar ferje i kvardagen sin, til og frå jobb, skule og fritidsordningar. No løyver vi midlar slik at ferjeprisane kan setjast ned på ferjer både på riksvegane og fylkesvegane. Samtidig reduserer vi minstebeløpet som krevst for å få rabatt for mellom anna personbilar, til 3.000 kroner. Dette vil kome spesielt pendlarane til gode, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding 11.mai

Pressemelding fra Samferdselsdepartementet 11.05.21 då revidert Nasjonalbudsjett 2021:

Ferjetakstane blir sette ned med 10 prosent

– Mange brukar ferje i kvardagen sin, til og frå jobb, skule og fritidsordningar. No løyver vi midlar slik at ferjeprisane kan setjast ned på ferjer både på riksvegane og fylkesvegane. Samtidig reduserer vi minstebeløpet som krevst for å få rabatt for mellom anna personbilar, til 3.000 kroner. Dette vil kome spesielt pendlarane til gode, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide

 

I revidert nasjonalbudsjett følgjer regjeringa opp oppmodinga frå Stortinget om å redusere ferjetakstane allereie i 2021. Regjeringa gjer framlegg om å løyve totalt 120 millionar kroner til riksveg- og fylkesvegferjene. Det vil leggje til rette for å kunne redusere takstane med 10 prosent frå andre halvår 2021. For riksvegferjene er framlegget at endringa skal ta til å gjelde 1. juli 2021.

 

Dei som ønskjer å få rabatt på ferjene, må inngå ein rabattavtale og betale inn eit beløp på forskot. Regjeringa foreslår å senke dette beløpet frå 3.700 kroner i dag til 3.000 kroner for køyretøy som er kortare enn åtte meter. Dette vil òg gjelde frå 1. juli 2021.

 

– Å redusere summen på forskotsinnbetalinga er svært etterspurt. No går vi eitt steg i rett retning. Dette er viktig for mange, og spesielt pendlarane, seier Hareide.

 

Regjeringa vil arbeide med sikte på å halvere ferjetakstane i løpet av komande stortingsperiode i samarbeid med fylkeskommunane.

 

Riksveg- og fylkesvegferjer

Regjeringa foreslår å fordele 65 millionar kroner til ferjesambanda på riksvegane. Ferjesamband som ikkje mottar offentleg tilskot er ikkje omfatta av framlegget.

 

Det vert gjort framlegg om at 55 millionar kroner skal gå til fylkeskommunane. Dette vil og leggje til rette for at fylkeskommunane kan redusere takstane på ferjene på fylkesvegar med 10 prosent. Dette gjeld òg berre for dei sambanda som mottar offentleg tilskot.

 

Det er stor variasjon i storleiken på billettinntektene mellom ulike ferjesamband. Regjeringa foreslår at midlane blir fordelte gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane. Det vil sikre at fylkeskommunane blir behandla likt, uavhengig av om dei følgjer dei statlege regulativa eller ikkje.