Vil du bidra i valkampen?

Bidra i valkampen MRV
Vil du bidra i valkampen? , Foto: Per Eide

Du kan bidra allereie no!

Kjære medlem i Møre og Romsdal Venstre. Dette blir ein annleis valkamp, og du som medlem er ei viktig brikke for oss. Sjølv om det framleis er avgrensa muligheiter for å treffast, samt reising, kan vi alle bidra i valkampen allereie no. Vi vil også gjerne ha oversikt over deg som ynskjer å bidra i valkampen. Meld frå til din lokallagsleiar, eller fyl ut skjemaet under.

Nokre tips til korleis bidra i valkampen allereie no;

  • Ta del i den digitale valkampen på sosiale medier.
  • Bruk Venstre-effektar når du er ute blant folk. Du finn mykje fint i Venstre sin nettbutikk; venstre.shop.idegroup.no
  • Verv ein venn!
  • Fortell dei du snakkar med kvifor Venstre er ditt parti.

Beste helsing

Valkamputvalet i Møre og Romsdal Venstre
Lena, Ragnhild, Frode, Fride, Geir Morten, Nathaniel og Annika

Kontakt:
Valkampsjef Annika Brandal
E-post [email protected]
Mobil 408 409 00