Berekraftig hydrogenproduksjon

Hydrogen
I internasjonal skipsfart er hydrogen og ammoniakk produsert frå hydrogen, sett på som det mest realistiske alternativet for å nå null i utslepp. Venstre ynskjer å satse på hydrogen og ammoniakk som energiberarar i skipsfart i nærområda for å gje Noreg kraft i å bere fram morgondagen sine løysingar., Foto: iStock

-Hydrogen gir spennande moglegheiter for Noreg, både som energinasjon og teknologinasjon. Politisk uttale om fremtidig produksjon av hydrogen blei vedteke av Venstre sitt landsstyre i møtet 20.juni. Møre og Romsdal Venstre hadde fremma forslaget etter initiativ frå Vanylven Venstre og vår førstekandidat Lena Landsverk Sande.
Uttalen kan du lese her.

BEREKRAFTIG HYDROGENPRODUKSJON

Hydrogen gir spennande moglegheiter for Noreg, båe som energinasjon og teknologinasjon. Vi har naturgitte gode forhold for produksjon av hydrogen på ein berekraftig måte. Vi kan produsere grønt hydrogen med fornybare og reine energikjelder som vatn, vind og solkraft. Vi har og eit potensial innan blått hydrogen som er den beste moglegheita til å gjere om fossil gass til eit produkt nærast utan utslepp i ei verd som gjeng imot netto null utslep.

Venstre har i regjering fått på plass en offensiv handlingsplan for grøn skipsfart, ein hydrogenstrategi og nå sist eit vegkartet for hydrogen. Bruk av hydrogen som energibærar er ein sentral del av planen for å nå Noreg sitt klimamål i 2030. Støtteordningar for hydrogen er etablert og forsterka i Innovasjon Noreg, Noregs Forskningsråd, Gassnova, Enova og gjennom internasjonalt samarbeid. I starten av juni fekk Venstre og regjeringa på plass portalen HEILO som gir næringslivet og forskingsmiljøa oversikt over porteføljen av pågåande prosjekt med støtte frå verkemiddelapparatet.

I internasjonal skipsfart er hydrogen og ammoniakk produsert ifrå hydrogen, sett på som det mest realistiske alternativet for å nå null i utslepp. Vi ønskjer å satse på hydrogen og ammoniakk som energiberarar i skipsfart i nærområda for å gje Noreg eit leiing i å bere fram morgondagen sine løysingar.

Nå er det viktig å få etablert produksjonsanlegg for hydrogen og infrastruktur for å ta hydrogen i bruk i heile landet. Verdikjedane innan hydrogen kan vere spesielt viktige langs kysten. Produserer ein hydrogen i kystområda og leverer til drift av hurtigbåt, ferje og andre kystfartøy vil det vere med å drive frem lønnsemd i produksjon og distribusjon av hydrogen.

Nullutsleppskravet for store forureinande cruisebåtar i fjordane våre og særskilt i verdsarvfjordar er viktig å stå fast ved. I sårbare område må båttransport so snart som mogleg gå over til å nytte hydrogen, ammoniakk eller batteri. Dette vil også kunne skape grunnlag for lokalt næringsliv, gjennom å tilby transport med mindre lokaleigde båtar som går på hydrogen. Fleire fartøy innan oppdrettsnæringa kan og driftast med hydrogen.

Venstre meiner det samtidig er viktig å få på plass eit nasjonalt tilbod av hydrogenfyllestasjonar både for tungtransport og personbilar. Næringsliv og privatpersonar som ynskjer å ta i bruk hydrogenkøyretøy må ha tryggleik for å kunne fylle køyretøya sine. For å leggje til rette for fleire køyretøy på hydrogen vil Venstre at verkemiddelapparatet i samarbeid med næringslivet skal få på plass minst 30 hydrogenfyllestasjonar for tungtransport og personbilar innan 2025.

Uttalen blei vedtatt på Venstre sitt landsstyremøte i Asker 20.juni 2021