“Jenny, du lyver”! – lesarinnlegg frå Lena Landsverk Sande

Lena Landsverk Sande
Lena Landsverk Sande er Venstres førstekandidat i Møre og Romsdal., Foto: Helle Frogner

Lesarinnlegg frå Lena M. Landsverk Sande, 1. kandidat til stortingsvalet for Venstre, Møre og Romsdal

La det vere sagt aller først: Eg har stor respekt for at Jenny Klinge har stått på for landet sitt og representert Møre og Romsdal Senterparti på Stortinget i mange år. Og ja, eg trur oppriktig på at ho har ynskje om å halde liv i distrikta. Men Jenny, det har også eg! Eg kjem frå distriktskommunen Vanylven, og har som lærar, som ordførar og som lokalpolitikar alltid hatt ynskje om å kjempe for dei små, dei som andre ikkje ser – både når vi snakkar om folk, kommunar og distrikt. Så når Jenny Klinge i Trollheimsporten den 4. august kl 23:38 og hevdar at eg hyllar sentraliseringa – ja då har ho lykkast med å provosere meg! Det er rein lygn! Eg har aldri hylla noko sentralisering, og eg skal gjere kva eg kan for at distrikta også i framtida skal verte attraktive bu- og levestader, og eg er så absolutt villig til å lytte og å samarbeide med både Jenny og andre engasjerte politikarar for å kome dit. Men då må vi halde oss til fakta – til sanninga! Så då må eg svare imot når Jenny Klinge til stadigheit seier at vi har redusert 60 tingrettar til 23, når ho med det prøvar å forlede folk til å tru at det har blitt lagt ned 37 rettsstadar. Det er ikkje sant! Tenestene er framleis nær folket, fordi tenestene framleis er der dei var. Ja, det er nokre leiarar som har mista tittelen Sorenskrivar, men det er framleis like mange tilsette, og tenestene ligg på akkurat dei same stadane som før. Tvert om har vi styrka tilgongen på kompetanse, slik at folket skal få betre tenester der dei er, fordi dei ulike rettsstadane skal levere dei same tenestene uavhengig av kvar i fylket ein er busett.

Når Jenny hevdar at politikarar frå H, V, KrF og Frp advarer mot SP fordi dei går baklengs inn i framtida, så seier ho vi gjer det for å skremme veljarar. Ja, om Klinge tenkjer at SP sin politikk er skremmande, så bør vel veljarar få vite kva konsekvensar SP sine løysingar har? Eg har sjølv trudd på at SP kunne vere eit godt alternativ for distrikta, men når vi ser på kor mykje som vart lagt ned dei åra SP sat i regjering, så høver det dårleg å påstå at dagens regjering sentraliserer meir. For det er feil. Tvert om så ser vi etter distriksvennlege løysingar når det ikkje lenger er grunnlag for å drive slik ein alltid har gjort det før. Når Domstolkommisjonen foreslo å legge ned eit stort tal på tingrettar, så protesterte regjeringa, og sørga heller for at vi opprettheldt tenestene ute i distrikta. Men samtidig lytta vi på kommisjonen sine varslar om arbeidsvilkår, krav til fagmiljø, kvalitet og leiing. Venstre nekta å flytte kompetansearbeidsplassar frå distrikta, men sørga heller for at alle skulle sikrast meir opplæring, slik at alle med tida kan levere betre tenester, og auke rettstryggleiken for alle. Det var også eit poeng for oss å sikre likebehandling, og hindre ugildskap grunna familieforhold og kjennskap, og vi må ta innover oss at den digitale framtida er koma, og gle oss over kor mykje lettare ein når kvarandre mellom einingane.

Eg er 100% samd med deg i at større avstandar til tenestene gir innbyggarar og næringsliv større kostnadar, og at det er dårleg samfunnsøkonomi. Men når du hevdar at regjeringa ikkje har klart å få ein einaste ekstra politipatrulje på norske vegar som erstatning for nedlagte lensmannskontor, så har du iallfall ikkje fått den informasjonen frå politiet. Eg vil også ha politiet nærast mogleg folket, men vil heller betale for fleire politifolk i kommunen, enn for å bygge fleire stasjonar. Først og fremst må vi lytte til kva politiet seier dei treng for å kunne hjelpe folket der dei er. Politiet si eiga evaluering av politireforma seier at dei har oppnådd styrka fagkompetanse, dei har fått meir trening og betre kvalitet på mange av oppgåvene til politiet. Samtidig ber dei om meir tid til å få sett i verk alle tiltaka, og då er ikkje SP sin reverseringstaktikk det politiet ynskjer seg. Ja, kommunane som mista lensmannskontoret sitt treng å oppleve større nærvær. Politidirektør Benedicte Bjørnland fortel at den biten jobbar dei med utover i 2021 og 2022, gjennom å sørge for at vidare vekst primært skal skje i dei geografiske driftseiningane i politidistriktet. Politiet fortel at samarbeidet har blitt meir strukturert, og dei er opptekne av at kommune-politi-samarbeidet må skje i tett dialog med den einskilte kommune. Dei ber altså ikkje om reversering, men om betre tilrettelegging for samarbeid. Dei ber om tid, men SP vil rykke tilbake til start.

Jenny Klinge og eg er samde om at vi skal sikre kommunane og fylka økonomi til å drive gode skular og å ruste opp vegar. Men eg har aldri hevda, som Klinge seier, «at å drive tenester nær folk er umoderne». Tvert om meiner eg at tenester nær folket er moderne. Venstre vil legge til rette for at folk kan få bu der dei vil, og jobbe der dei vil. Vi vil ha breiband til alle, slik at det er mogleg å få leve det gode liv over heile landet, om ein trivst i by eller bygd.

Lesarinnlegget på trykk i Tidens Krav og på TK.no (eksterne lenke)