E39 Digernes-Ørskogfjellet – INNSPEL FRÅ ÅLESUND VENSTRE

Bompengestasjon
Foto: Peter Fiskerstrand

Viser til kunngjering frå Statens Vegvesen om oppstart på reguleringsplan for E39 Digernes-Ørskogfjellet, del av Møreaksen.

E 39 er eit viktig prosjekt for å bygge ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Ålesund og Molde. Prosjektet har vore arbeidd med lenge og traseval og løysingar har stegvis kome på plass. Venstre har vore positive til prosjektet og ynskjer ikkje nokon omkamp om traseval.

I eit klima- og miljøperspektiv er det naudsynt å sjå kva fotavtrykk vi let etter oss. I lys av dette finn vi at det likevel kviler eit ansvar på oss i dag å vurdere alle prosjekt opp mot fotavtrykket og målet om å vere eit berekraftig samfunn. Vi vågar difor å stille følgjande spørsmål:

  • Ein ny veg fører ikkje åleine til fleire reisande. Det er heller ikkje ei målsetjing at vi skal ha trafikkauke. Er det då naudsynt å legge opp til 4-feltsveg? Kor sannsynleg er det at vi får ein slik folketalsvekst som dannar grunnlag for dette?
  • Motorvegstandard med maksfart 110 km/t krev mykje meir areal enn 80 eller 90 km/t. Det å legge beslag på areal har også ein kostnad- td redusert areal til jordbruksformål, redusert areal til friluftsliv, redusert areal til fortetting/bustadbygging med tilhøyrande infrastruktur. Det vil også føre til meir støy og forureining. I tillegg til at nytt areal vert bandlagt, skal dei gamle strekningane omklassifiserast til lokalvegar. Korleis vil de synleggjere tap av desse verdiane i arbeidet med reguleringsplanen?
  • I eit kost/nytte-perspektiv og med berekraftperspektivet som førande element– korleis definere nytten av ny veg opp mot gjenbruk av vegareal
  • Kva føringar skal gjelde der planlegging av alternative trasear kjem i konflikt med vedtekne arealplanar, interkommunale kommunedelplanar og nasjonalt verna naturområde?

Vegprosjektet har vorte presentert i ulike fora, både 28. juni og 6. juli. I tillegg ligg det mykje informasjon på Ålesund kommune si heimeside og på Statens vegvesen sine sider. Ålesund Venstre deltok på møte 6. juli 2021 etter initiativ frå innbyggjarane på Svorta, Valle og Håhjem.

Frå SVV vart det sagt at prosjektet og traseval må vurderast utfrå kost/nytte tankegang. Vi forstår sjølvsagt kva dette innber, men vi vil påpeike at i dette reknestykket er det vanskeleg å sette to strek under svaret. Dei ikkje-prissette verknadane er omtala i eigen rapport frå SVV. Der les vi at det er omsynet til dei reisande som har fått merksemd. Ålesund Venstre vil peike på at det for dei som bur langs dei valde traseane også vil ha verknadar, både positive og negative. Vi forventar at det i større grad vert teke med og vurdert dei ikkje-prissette verknadane for lokalmiljøa.

Slik vi har forstått dei skissene som er presenterte er det kun via toplanskryss at det vert tilkomst til den nye vegen. I område der vegen vil kome nært opp til buområde, men der det likevel ikkje er mogleg å køyre inn på vegen, vil vi argumentere for at forringa bukvalitet vil vere ein vesentleg byrde. Ålesund Venstre vil peike på at det er avgjerande å ta sterkt omsyn til dei som bur langs traseen og dette må prioriterast høgt. Storsamfunnet sitt behov for veg må ta høgde for meir enn pris ved val av alternativ trase.

For kommunedelane Skodje og Ørskog vil vi peike på følgjande:

  • Strekninga Digernes-Dragsund er eit smalt belte geografisk. Bandlegging av meir areal til veg er ein vesentleg reduksjon av areal avsett til framtidig bustadbygging. Det vil og føre til mindre areal til jordbruk og mindre rasjonelle driftseiningar. Tilkomst til sjø og fjell vert vanskleggjort og støy vil vere med å forringe opplevd bukvalitet. Innbyggjarane i dette området har kome med innspel til val av trase, der primærønsket er samanhangande tunnell frå Svortahaugen til Håhjem. Ålesund Venstre støttar at dette bør utgreiast som det mest aktuelle alternativet.
  • Kryssinga i Dragsundet- slik vi har oppfatta dette vil det kun vere aktuelt med eit to-planskryss. Landskapskvalitetane med Hølen og utløpet til Storfjorden er eit landemerke og ein idyll. Eit nytt kryss her vil verte dominerande. Ålesund Venstre forventar at det her vert lagt opp til løysingar som gjer minst mogleg inngrep i landskapet.
  • Vidare frå Dragsundet til Solnørdalen er det jordbruksareal som vert berørt. I området her har det dei siste åra vore mykje nydyrking. Ålesund Venstre vil eike på ansvaret vi har for jordvern.
  • Solnørvassdraget er eit unikt vassdrag og kommunane Skodje, Ørskog og Vestnes har utarbeidd ein felles kommundelplan. Vassdraget er i liten grad påført endringar i vassløp, det er kun naturen sjølv som har fått styre. Det ligg difor føre både nasjonale og kommunale vernevedtak som omfatter Solnørdalen:
    • 1993: Solnørelva vassdragsvernområde verna pga. stort naturmangfald i til-knytning til elveløpsform, botanikk, land- og vannfauna
    • 1999: Liafjellet naturreservat verna pga. urørt, urskognær barskog
    • 2006: Kommundelplan for Solnørvassdraget, vedteken av kommunene Skodje, Vestnes og Ørskog – området er bandlagt som LNF-område
  • I tillegg er det stor forekomst av elvemusling, truleg Nord-Europas største. Trasevalet her må vere lengst mogleg unna elva og vatna, for å unngå negativ verknad for vassdraget. Det er og viktig å peike på at Solnørelva er ei flaumelv, noko det må takast omsyn til ved traseval.
  • Solnørdalen er eit unikt bu- og rekreasjonsområde, med jordbruk og friluftsliv. Tunnellinnslag vist på skisse ligg nært opp til bustadar og jordbruksareal i drift. Det er i tillegg teikna ei skjering som ser dominerande ut. Med fordel bør tunnell-innslaget leggast lenger vest.
  • For heile strekninga er det viktig å ta omsyn til:
    • Naturmangfald
    • Jordvern
    • Vernevedtak, sterkt trua natur og raudlisteartar og -naturtypar
    • Hjortetrakk/viltstammer
    • Friluftsinteresser
    • Støyreduserande tiltak for busetjing no og framtidig, samt ønske om fortetting
    • Samarbeid/koordinerande planarbeid om kollektivløysingar, inkl pendalrparkering
    • Samarbeid/ koordinerande planarbeid om gang- og sykkelvegstrekningar

KONKLUSJON:

  • Ny E39-trasé må leggast i tunnel forbi Solnørdalen

Fordi ny firefeltsveg her vil måtte sette nasjonale vernevedtak til side og dei foreslåtte trasévala i Solnørdalen berører verna, sterkt trua og raudlista artar og naturtypar.

  • Ny E39-trasé må leggast i tunnell på strekninga Svortahaugen – Håhjem

Fordi ny firefeltsveg her vil føre til redusert bukvalitet, reduksjon av jordbruksareal og redusert høve til vidareutvikling av bygda og friluftsinteressene i området.

  • Regionbygging og attraktivitet handlar om mykje meir enn reisetid.
  • Ikkje-prisette verknader må tydeleggjerast og vurderast opp, det gjeld særleg naturkvalitetar, bukvalitetar og frilusftskvalitetar.
  • Det er viktig å ta omsyn til støy og landskapsverknader på strekninga Digernes – Ørskogfjellet.
  • Ei framtidig trafikkløysing må vere tilrettelagt for auka bruk av kollektivtransport.

 

 

 

Ålesund 15.august 2021

Kommunestyregruppa Ålesund Venstre

Hans Endre Sæterøy, gruppeleiar Kari Grindvik