Sunnmøre er klar til å realisere nytt Sonings- og kompetansesenter i Ålesund

Foto: Wikipedia

Det har vore arbeidd med ei nasjonal omorganisering av kriminalomsorga frå tre til to nivå. Dette fekk ikkje fleirtal i Stortinget i vår. Det er viktig at våre politikarar tek eigarskap til omorganiseringa og vi forventar at Møre og Romsdal vert ei eigen eining med nok soningsplasser og senteret i Ålesund vert ein ressursinstitusjon. Berre slik kan fylket få ei betre eit likeverdig soningstilbod i tråd med nasjonale føringar.

Det gamle fengselet av “1864-modell” er ikkje egna til moderne soning, har for lav kapasitet og ligg midt i bysentrum utan moglegheit for utviding. Her er det ikkje kvinneplassar og det er ueigna for personar med fysisk funksjonshemming. Bygget går over fire etasjar, utan heis. Og tilpassing av tenlege aktivitetar er svært utfordrande, både for insette, tilsette, pårørande, frivillegg og andre som samhandlar med kriminalomsorga. Td kantina, som også må fungere som gymsal.

Dei tilsette som arbeider i Ålesund fengsel arbeider under svært krevande tilhøve. Bygningsmassen er verken egna eller stor nok, både frå innsette og tilsette sitt perspektiv

Det har i lang tid vore eit stort behov for auka soningskapasitet i Møre og Romsdal.I dag sender vi mange av våre til andre delar av landet for soning. Det reduserer høve til besøk, noko som er ei ekstra belastning for pårørande, ikkje minst for barn. Vi manglar om lag 100 soningsplassar i Møre og Romsdal for å ha den soningskapasiteten myndigheitene meiner er naudsynt.

Det er og verd å nemne at vi i Ålesund ikkje har varetektsplassar. Desse er ved Hustad fengsel. Politiet brukar i dag urimelig store ressursar på fangetransport til soningsanstaltar utanfor Møre og Romsdal og på lange reiser frå soningsstad til rettsalar. Desse kostnadane vil bli kraftig redusert med betre kapasitet i fylket, og politiet vil kunne rette desse ressursane mot å førebygge kriminalitet i lokalsamfunnet i staden.

På Digerneset har Ålesund kommune ei ferdig regulert tomt, klar til å starte arbeidet med realisering av soningssenter. Og det er eit samla Sunnmøre som, saman med Kriminalomsorga, peikar på denne lokasjonen. No kan Møre og Romsdal bli staden der Norge bygg eit soningssenter for framtida med god og moderne straffegjennomføring. Her vil vi etablere eit kompetansesenter som sikrar dei insette gode tenester, utviklar samarbeidet mellom kriminalomsorga, samarbeidande etatar og kommunen. I tillegg til samarbeid med frivillige og ideelle organisasjonar som er viktige bidragsytarar i arbeidet med tilbakeføring til samfunnet. Heilt i tråd med regjeringa sine ønskjer, jf St. Meld 39 (2020-2021)

Sonings- og kompetansesenteret vil her ha ei verksemd som er tilpassa omsynet til effektiv fengselsdrift, fleksibilitet i bruken av personalet, evne til å gi eit variert tilbud, progresjonsplanlegging og ivareta dei innsette og tilsette sin tryggleik og arbeidsmiljø. Dei innsette vil få betre helsetilbod, betre høve for å få besøk frå sine pårørande og betre fasiliteter for fellesskap og aktivisering, noko som er vesentlig for å motvirke utfordringa med isolasjon.

Det er ei romsleg tomt med moglegheit til å bygge ein framtidsretta soningsinstitusjon. Målet er at denne soningsinstitusjonen skal legge moderne prinsipp til grunn med eit innhaldsrikt rehabiliteringsperspektiv og ei klientorientert, tverrfagleg tilnærming til soningsopphaldet.

På Digerneset ønsker vi eit integrert tilbod for både rus og psykiatri, i samarbeid med fagmiljøa i Helse Møre og Romsdal. Slik at behandlinga kan skje der soninga skjer, på ein stad som er lagt til rette for både kostnadseffektiv drift og god rehabilitering av innsette.

Her har vi også kort veg til utdanningsinstitusjonar og praksisplassar i næringslivet.

 

Ålesund Venstre

Kari Grindvik