Gi Lena plass på Stortinget

Lena Landsverk Sande
Lena Landsverk Sande er Venstres førstekandidat i Møre og Romsdal., Foto: Helle Frogner

Førehandsrøystinga er godt i gang, og det nærmar seg også raskt valdagen. Det er tid for å gå til valurnene.

Lesarinnlegg av Venstrelaga på Søre Sunnmøre

På Møre og Romsdal Venstre si liste er det Lena Landsverk Sande som er førstekandidat. I dag ordførar i Vanylven, i si andre periode. Ein disktriktoptimist som er klar for å snakke vår sak på Stortinget, ein garantist for å jobbe for ei grøn framtid for våre etterkomarar og ei røyst som kjenner regionen og næringslivet godt, frå si tid som ordførar i ei distriktkommune.

Av partia som har ein reell sjanse å få plass på Stortinget frå Møre og Romsdal, er det berre Venstre som har kandidat frå Søre Sunnmøre. Dette vonar vi at fleire her vil merke seg. Søre Sunnmøre treng ei røyst som kjenner regionen godt.

Lena har til saman 14 år bak seg i ulike politiske verv, samt brei erfaring innan kommunal drift, som lærar, serviceleiar, stabsleiar og rektor.

Politisk brenn Lena for menneska – frå dei minste borna, til dei pleietrengande eldre. Aller nærast hjartet ligg skulen. Ho framhevar at ressursen som ligg i einskildmennesket er umåteleg stor. Ho står fast på at alle kan bidra med noko, og at vi alle treng å bli sett – og verdsett – som det mennesket vi er. Sjølv om dei fleste av oss heldigvis har det godt, må vi prioritere å hjelpe dei som treng litt støtte på vegen, og gjere vårt beste for å bidra til eit godt liv for alle. Vi må hegne om den fridomen og verdigheita det gir å kunne gjere eigne val i eige liv. Ingen klarar alt, men alle kan bidra med noko. Totalt sett vil vi kunne dra eit tyngre lass om alle tek i litt.

Venstre heiar på dei små og store jobbskaparane. Det må bli enklare å skape arbeidsplassar – i heile landet, og næringslivet treng forutsigbare rammevilkår. Det vil Lena jobbe for frå Stortinget. Bu- og arbeidsmarkedsregionane må utvidast, og både utdannings- og arbeidsplassar må desentraliserast. Det er 45.000 distriktsarbeidsplassar som jobbar med eksportnæringar i fylket vårt, ein stor andel av desse ligg utanom byane, og mange her på Sunnmøre. Venstre er heilt klare på at EØS-avtalen må bestå.

Lena arbeider best saman med andre, og er også bevisst på at hennar rolle som folkevald også handlar om å lytte. Det er saman vi finn dei beste løysingane, noko vi ta med oss i ei tid vi veit byr på store utfordringar både i Møre og Romsdal og i Noreg.

Møre og Romsdal er ein sterk og sjølvstendig region mellom dei nye storfylka Trøndelag, Innladet og Vestland fylkeskommunar. Det gjer at heile fylket må stå saman og Mørebenken må bestå av politikarar som jobbar saman. Lena ser verdien av heile fylket og er ein samlande politikar som klarer å samarbeide om viktige saker på tvers av politiske motsetningar. Når Mørebenken no krympar frå 9 til 8 stortingskandidatar, så er samarbeidsevnene til Lena viktig å ha med!

Møre og Romsdal Venstre kan kome i ein posisjon der svært få stemmer avgjer om vi får inn Lena på Stortinget eller ikkje. I 2017 var det eit par hundre stemmer unna eit mandat. I år ynskjer vi å ha eit par hundre stemmer å gå på. Vi meiner at Lena har den kompetansen og erfaringar som fylket treng på Mørebenken.

Det skal ikkje så mykje til.
På fleire målingar har Venstre vore inne med mandat frå Møre og Romsdal, og det viser at det er mogleg, med ein kandidat frå Søre Sunnmøre også komande periode på Stortinget, men då treng Venstre også di røyst!

Godt val!

Venstrelaga på Søre Sunnmøre
ved lokallagsleiarar og gruppeleiarar

Annika Brandal, Hareid
Jenny H. Korsnes, Hareid
Berit Lyngstad, Ulstein
David Lien, Vanylven
Hogne Kvangarsnes, Volda
Hallvard Bjørneset, Volda
Are Folkestad, Ørsta
Gunnar Knutsen, Ørsta