Venstre og Regjeringa fredar elbilmomsen i 2022

Lena Landsverk Sande, Lena Landsverk Sande / Helle Frogner

– Dei raudgrøne lovar elbilmoms som vil gi bråbrems for elbilar i distrikta. No går vi i spissen for å fortsette den norske elbilsuksessen. Venstre er den fremste garantisten for at folk framleis skal ha råd til å kjøpe seg ein god og driftsikker elbil når tida er inne for bilbytte, seier Lena Landsverk Sande, stortingskandidat for Venstre.

I budsjettforslag for 2022 går regjeringa inn for å vidareføre momsfritaket for elbilar uendra. Elbilsalet held fram å vekse, og salet av miljøvenlege bilar veks raskast i typiske distriktområder som Sogn og Fjordane og Finnmark. Sjå også tabell «Elbilandel fordelt på fylker, august 2021».

Vil auke momsen
Både Ap, SV og Sp går til val på å innføre moms på elbilar som kostar meir enn 600.000,-. Dette utgjer over 17 prosent av elbilane som seljast i dag.

– Ei avgiftsauke frå 1. januar 2022 vil gjere det mindre attraktivt å velje elbil for folk som bur i distrikta. Der har ein ofte behov for større bilar med lang rekkevidde, betre lasteplass og tilhengarfeste, seier Lena Landsverk Sande.

Ei rekke fylker har hatt ein veldig låg andel elbilar i nybilsalet. No aukar dette i alle fylker, og aller mest i distriktområda.

– For Venstre er det viktig å halde på elbilfordelane lengst mogleg. Det er heilt avgjerande for å nå målet om at hundre prosent av nybilsalet i 2025 skal vere nullutsleppsbilar, seier Landsverk Sande.

Fakta 1: Nybilsalget august 2021: Elbilandelen fordelt på fylker

Fylkesoversikt (etter gammel fylkesstruktur): Fylke, elbilandel

  • Hele landet, 71,9%
  • Østfold, 70,8 %,
  • Akershus, 76,9 %
  • Oslo, 75,5 %
  • Hedmark, 64,4 %,
  • Oppland, 64,0 %g
  • Buskerud, 62,3 %
  • Vestfold, 70,9 %
  • Telemark, 67,1 %
  • Aust-Agder, 57,1 %
  • Vest-Agder, 65,0 %
  • Rogaland, 76,3 %
  • Hordaland, 80,8 %
  • Sogn og Fjordane, 61,7 %
  • Møre og Romsdal, 65,3 %
  • Trøndelag, 72,4 %
  • Nordland, 67,8 %
  • Troms, 64,3 %
  • Finnmark, 51,3 %

 

Fakta 2: Nå øker også elbilandelen i distriktene

  • Andelen helelektriske biler som ble solgt i Norge i august 2021 var 72 prosent. En vekst på 36 prosent fra samme måned i fjor.
  • Veksten er langt høyere i typiske distriktsområder som Sogn og Fjordane og Finnmark.
  • Målet til den blågrønne regjeringen er å halvere utslippene fra transportsektoren innen 2030. Vi er allerede på god vei. Siden toppåret i 2015 har de årlige utslippene av klimagasser fra veitrafikken gått ned fra 10,1 til 8,5 millioner tonn CO2-ekvivalenter i 2019.