La humla suse, la graset gro!

Humle
Pixabay

Interpellasjon frå Annika Brandal, Hareid Venstre, kommunestyremøte 11.11.21.

Eg saknar blomsterenga frå barndomen. Men la meg raskt legge til, idyllen frå barndomen er ikkje berre eit godt barndomsminne, men ei særs viktig rolle for oss i framtida. Skal vi ha pollinerande insekt i framtida, treng dei blomsterenga!

Insekt som pollinerer planter spelar ei viktig rolle i naturen og for menneska si velferd. Svært mange ulike typar frukt, nøtter, bær og grønsaker treng insekt for å utvikle seg. Meir enn 75 prosent av global matproduksjon er i større eller mindre grad avhengig av pollinering av insekt. Vidare vert nesten 90 prosent av ville blomstrande planter pollinert av insekt, der mange av desse er heilt avhengig av pollinering for formering medan andre dreg nytte av det i fruktsettinga.

Blomstereng I Noreg vert meir enn 1.000 naturlege førekommande planteartar pollinert av insekt, og i 2013 hadde vi pollinatoravhengige vekstar på om lag 87.000 dekar jordbruksareal. Insekt er også matkjelde for mange dyr, som anten er direkte eller indirekte viktige for oss menneskjer. Pollinerande insekt leverer med andre ord økosystemtenester av stor betydning og med høg økonomisk verdi.

Mange bestandar av insekt er under press fordi vi bygg ned eller brukar leveområda deira annleis enn før. Klimaendringar, plantevernmidlar og framande artar er blant andre faktorar som kan påverke insekta negativt. Ofte vil ein kombinasjon av desse stressfaktorane føre til alvorleg negativ effekt på insekt.

Basert på eksisterande kunnskap frå «Norsk rødliste for arter (2015)» kan status for pollinerande insekt i Noreg skildrast slik:

  • Situasjonen for pollinerande insekt i Noreg har blitt verre dei siste 50 åra.
  • Om lag 25 prosent av ville, pollinerande insekt er oppført på «Norsk rødliste for arter», og 16 prosent er klassifisert som trua.
  • Pollinerande insekt som gruppe har ein større andel raudlista artar og trua artar enn alle raudlistevurderte artar samla sett.

Kva kan vi gjere i Hareid? Sjølv om dette er mest alvorleg i pressområda rundt større byar har vi også ei moglegheit og eit ansvar til å gjere vår del av dugnaden for å rette opp i dette.

Hareid Venstre ynskjer at vi i god tid før neste sommarsesong ser på moglegheiter for å betre forholda for dei pollinerande insekta på kommunale areal.

Vi foreslår difor to konkrete tiltak:

  • å sette av ein del av våre grøne areal til blomstereng som dermed ikkje vert klipt på vanleg måte, men lagt til rette med formål om å ta vare på både insekt og blomar
  • utsett kantklipp langs vegane der det ikkje går ut over traffikktryggleiken (vert kanskje allereie praktisert)

La graset gro, la humla suse!

Annika Brandal
Hareid Venstre