Årsmøte 26. januar 2022

 

Kinn Venstre sitt årsmøte skal vere 26. januar 2022 klokka 19:30, på møtelokalet “Einevarden” på kommunehuset i Måløy.

Vanlege årsmøtesaker.

Vi oppmodar medlemmane våre om å delta fysisk på møtet, innanfor gjeldande koronareglar. Det vert lagt opp til at dei som ikkje kan møte fysisk kan delta via ei digital plattform. Dersom du vil/må delta digitalt er det fint om du tek kontakt med lokallagsleiar Hilmar Eliasson om dette, så kan vi tilrettelegge for slik deltaking.

Sidan sist årsmøte er Venstre igjen representert på Stortinget med vår eminente stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (bildet ovanfor). Alfred blir med oss på møtet og det vert også lagt opp til eit møte med han i forkant av årsmøtet.

Det går rutebåt frå Florø 16:05 og det vert lagt opp til privat transport tilbake til Florø med bil. Meld gjerne tilbake til Hilmar om kven som vert med frå Florø, slik at ein kan sikre at alle kjem seg til og frå.

Lokallagsleiar Hilmar Eliasson
mobil: 966 27 988
e-post: [email protected]