Formuesskatt eller ikkje formuesskatt?

Privat

5. januar las vi i Os & Fusaposten at alle dei tre oppdrettsselskapa i Bjørnafjorden kan vente seg fleire gonger så høge formuesskatterekningar framover. Berre for Bolaks er denne skatten venta å auke med over 600 % ‒ nærare 20 mill. kroner.

Formuesskatt er ein personskatt, men dei færraste har slike pengar på bok. Skatten blir difor reelt dekt ved uttak frå bedrifta. Det betyr mindre pengar til drift og utvikling. Venstre meiner at det finst betre kjelder til fellesskapsinntekter enn dei små og mellomstore bedriftene som mange av oss arbeider i, og som held hjula i lokalt næringsliv i gang.

Formuesskatten tek ikkje omsyn til overskot eller underskot, mogleg nedbemanning eller potensial for samfunnsnyttig utvikling. Bedriftstypen tek han heller ikkje omsyn til, så oppdrettsnæringa står ikkje i noka særstilling.

Siste tids overskriftar kan gi inntrykk av nye formuesskattereglar særleg for oppdrett. Det stemmer ikkje. Hovudreglane er nett som før. Kvifor vert då dei økonomiske konsekvensane så store for oppdrettsnæringa?

Hovudgrunnen er at skattesatsen aukar frå 0,85 % til 0,95 %, ein annan at aksjeverdsetjinga er auka frå 55 % til 75 %. Desse aukane gjeld generelt, så oppdrett kjem ikkje dårlegare ut enn andre.

Mindre klart er det korleis skatterekninga kan auke så kolossalt utan fleire regelendringar enn dette. Saka er at det skal «ryddast»; ein skal endre etablert praksis for verdsetjing av oppdrettskonsesjonar ‒ slik at det vert samsvar med skattelova.

Kort forklart: Ein konsesjon er ein eigedel med økonomisk verdi og skal verdifastsetjast etter marknadsverdien – slik hovudregelen er for alle eigedelar med økonomisk verdi.

Det første problemet er at ein til no berre har rekna med konsesjonar skaffa etter 1998. Men skattelova har ikkje noko slikt tidsskilje. Etter lova skal alle konsesjonar reknast med, også dei eldre. Då vert formuesskatten høgare.

Det andre er at mange bedrifter har sett formuesverdien lik prisen konsesjonen vart anskaffa for. Dette er i strid med lova. Aktørane kjøper konsesjonar på auksjon. Dagens pris for éin konsesjon er 150‒200 mill. kroner. Dette er difor foreslått som mål på marknadsverdien. Om eit selskap t.d. betalte 10 mill. for ein konsesjon i 2013 og har nytta den verdien som grunnlag, gir verdsetjing etter dagens auksjonspris mykje høgare formuesskatt.

Skatteoppryddinga fører til at oppdrettsbedrifter må belage seg på å betale formuesskatt etter ordlyden i skattelova – og ikkje etter praksisen til næringa sjølv og skattestyresmaktene.

Alt i alt er dette difor eit spørsmål om formuesskatt eller ikkje formuesskatt. Slik skatt har stor symbolverdi for somme, men han står for ein nokså liten andel av landets skatteinntekter.

Ane-Ingeborg Bakken-Simsø

Lenke til artikkel i Os&Fusaposten