Nye tider for flyktningar i Bjørnafjorden?

Leiar i Bjørnafjorden Venstre, Kristian N. Harnes, Foto: Ole Henning Bøe

I ei god tid framover vil Bjørnafjorden kommune ha behov for utbygde tenester og meir personale til å ta imot flyktningar. Gledeleg nok har mottakinga av ukrainske flyktningar brei lokalpolitisk støtte. Vi ser ut til å gå frå ein situasjon der kommunen har tatt imot langt færre flyktningar enn andre i Noreg, til å klatre opp til landsgjennomsnittet.
To tiår med Os som utstillingsvindauge for ein restriktiv flyktningpolitikk kan sjå ut til å vere over.

Dette må ikkje bli eit mellombels anfall av godheit.

I staden må vi gripe moglegheita til å bygge infrastruktur og kompetanse på mottak, inkludering og integrering. Bjørnafjorden Venstre ønsker ein flyktningpolitikk der vi møter fleire menneske i vanskelege situasjoner med empati, psykososial støtte, praktisk hjelp – og ikkje minst med arbeid. Både lokalsamfunnet og storsamfunnet har godt av å opne seg mot andre kulturar.

Den politiske semja om flyktningar frå Ukraina kjem av at partiet lengst til høgre har definert det hovudsakleg kristne Donbas som nærområde. Den geografiske avstanden frå Noreg til krigsområda i Ukraina er om lag den same som til det muslimske Kosovo. Men for 23 år sidan rekna ikkje Frp Balkan som nærområde.*

Bjørnafjorden har no sjansen til å bli utstillingsvindauge for eit anna menneskesyn. Venstre vil la menneske vere menneske, uavhengig av kilometrar, kultur, hudfarge, legning og religion.

Kristian Notland Harnes

*I 1999 fremma FRP ved Carl I Hagen forslag om å ikkje ta imot 6000 flyktninger fra Kosovo og heller hjelpe dei i nærområda.

Lenke til innlegg på Midtsiden