Medlemsmøte for venstremedlemmar – Søre Sunnmøre

Valkampopning i Ørsta
Representantar frå lokallag og stortingslista til Møre og Romsdal Venstre, frå venstre: Annika Brandal (valkampleiar, 8. kandidat stortingslista og varaordførar i Hareid), Are Folkestad (lokallagsleiar Ørsta Venstre), Håvard Urkedal (5. kandidat, nestleiar fylkeslaget, Ålesund), Lena Landsverk Sande (1. kandidat, ordførar i Vanylven), Gunnar Knutsen (Ørsta Venstre), Erling Taftesund (Ørsta Venstre), Ragnhild Helseth (2. kandidat, fylkesleiar, Kristiansund Venstre), Brynhild Lund Notøy (Volda Venstre), Pål Farstad (fylkestinget, Kristiansund) og Hogne Kvangarsnes (lokallagsleiar Volda Venstre). , Foto: Møre og Romsdal Venstre
Gode venstremedlemmar!
Tysdag 31. mai inviterer vi til medlemsmøte for venstremedlemmar på Søre Sunnmøre (og omegn).

Tid: Tysdag 31. mai kl. 18.30
Stad: Møterom, Ulstein bibliotek
Tema for medlemsmøtet er i hovudsak val 2023 (nominasjon, listestilling og programarbeid i fylket og kommunane).
Det blir enkel servering, og tid for prat rundt kaffien, og vi tek ei runde med tankar og ønske kring medlemsaktivitetar.