Frå Sam Eyde til Morrow Batteries: Turbo-fart inn i ei grøn framtid

Stortingsrepresentanter på reise

i Agder

Sam Eyde vart fødd i Arendal i 1866. I 1903 møtte han fysikkprofessor Kristian Birkeland heime hos Venstre-statsråd Gunnar Knudsen. Der og då vart ideen om «..en fremgangsmåte til ved hjelp av flate elektriske funker å fremstille nitratforbindelser av luft og andre gassblandinger” skapt. Det vart starten på «Elektrokemisk», seinare Elkem ASA – og Norsk Hydro, skipa i 1905 med Sam Eyde som generaldirektør – og industristader som Rjukan og Odda.

Sam Eyde var også lokalpatriot. Han kjøpte fallrettane i Bøylefoss i Froland, vidareutvikla Arendals Fossekompani ASA, starta Arendals Smelteverk og bygde opp ein ny tettstad som fekk hans namn: Eydehavn.

Venstres Agder-representant Ingvild Wetrhus Thorsvik og eg besøkte Bøylefoss kraftstasjon saman med Arendals Fossekompani, i dag eitt av Noregs største private investeringsselskap med over 2000 tilsette i 26 land.

Den gamle kraftstasjonen i Bøylefoss er enno i full drift. Industri-tradisjonane Sam Eyde skapte, lever også i beste velgåande.

I Kristiansand besøkte vi Elkem Fiskaa, som no planlegg ein stor ny fabrikk for å produsere avanserte batterimateriale (Vianode), og REC Solar, som lagar superreint silisium til bruk i solceller og solcelle-panel.

I Arendal fekk vi møte Noregs kanskje fremste batteri-ekspert – Lars Petter Maltby i Eyde Cluster. Dei har vore med å «samle batteri-Noreg» dei siste åra – og legge grunnlaget for at batteriproduksjon og verdikjeda knytt til det no kanskje er den aller største mulegheiten for ny landbasert storskala industri i Noreg.

Lars Petter ga oss ei ypperlig innføring i kva som no må til av politisk backing og initiativ gjennom ein samla norsk batteristrategi – og no skal han over i ei ny og endå meir sentral nasjonal industrirolle som direktør for Prosess 21 – som skal samle heile norsk prosessindustri i felles strategiar for framtida.

Verdas første batterifabrikk som ikkje brukar kobolt.

Så til slutt: Rosinen i Sørlandets batteri-pølse: Morrow. Morrow sin plan er at dei før 2030 skal ha i operasjon ein fullskala batterifabrikk som blir ein av Europas største og bli verdas første batterifabrikk som ikkje brukar kobolt. Bygginga av lab- og testsenteret i Grimstad er allereie i gang, og nylig fekk dei inn over 1 mrd NOK i kapital frå nye eigarar som Siemens, ABB og Arendals Fossekompani – og det statlege investeringsfondet Nysnø Climate Investments.

Det betyr at Morrow til sommaren går i gang med steg 1 av sin nye gigantfabrikk i Arendal. Kvar av produksjonshallane vil bli større enn nokon bygning i Noreg i dag – og vi snakkar om tusenvis av nye arbeidsplassar. Batteri-eventyret på Sørlandet er ikkje lenger ein draum.

Dette skjer her, det skjer no, og det vil berre vekse på.

Eg trur Sam Eyde ville ha vore stolt om han hadde sett kva frøa han sådde på Sørlandet no fører til av nye skot.

Eyde og Birkeland skapte Hydro og Elkem i 1903. Det dagens Eyde-klynge er med å skape i 2022, kan bli minst like stort og viktig for Noreg i tiåra som kjem