INNSPEL FRÅ ÅLESUND VENSTRE TIL STATSBUDSJETT FOR 2023

Helse Møre og Romsdal

Vi er klar over at dette kjem etter fristen for innspel og at vi ikkje fekk det med på lista Møre og Romsdal Venstre sende inn. Vi vel likevel å sende dette då det for oss er ei viktig sak og at vi no har fått stadfesta at foretaket no har fått på plass sin eigenkapital.

Dette innspelet er også drøfta med Pål Farstad som er Venstre sitt medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal og han støttar heilhjerta innspelet vårt.

Lån til AIO-bygg ved Ålesund sjukehus

Ålesund Venstre vil understreke at no er det Ålesund sjukehus sin tur, og vi krev at Storting vil sikrelikeverdige helsetenester med god kvalitet for innbyggarane i Ålesundregionen og Møre og Romsdal gjennom lån til AIO-bygget (akuttmottak, intensiv og operasjonsavdeling).

Bakgrunn og historikk

Sjukehuset i Ålesund vart tatt i bruk i 1971 og feira 50 årsjubileum i fjor. I fleire tiår har sjukehusetslitt med eit stort behov for oppgradering, kapasitetsauke og tilpasning til nye driftsformer. Slik forholda er i dag er det ikkje mogleg å drive økonomisk effektivt, og dagens bygningsmasse er eit stort problem i forhold til å gi god nok kvalitet på tenestene. For å kunne ivareta pålagte oppgåver i
opptaksområdet på ein trygg og berekraftig og pasientvennleg måte, må omfattande fornying til.

Den bygningsmessige utviklingsplanen i Helse Møre og Romsdal prioriterer derfor nytt akuttmottak, ny intensivavdeling og operasjonsavdeling. Denne utbygginga er heilt nødvendig for at Ålesund sjukehus skal kunne følge med i den medisinske utviklinga og kunne møte framtidas behov for spesialiserte helsetenester. Derfor må årets statsbudsjett sikre lån til AIO-bygget i Ålesund.

Dagens akuttmottak har ei utforming og ein størrelse som ikkje er i samsvar med gjeldande krav for smittevern, traumeteam, akuttdiagnostikk med CT eller skjerming av pasientar. Nybygget vil også gi ein svært nødvendig korttidpost. Fram til 2035 estimerast 18% auke i talet på pasientar til akuttmottaket.

Intensivavdelinga i dag, har rom med størrelse langt under gjeldande standard, og ei utforming som ikkje støttar effektiv drift. Dagens operasjonsavdeling manglar fleksibilitet, og operasjonstuene kan ikkje tilretteleggast for framtidige kirurgiske behov. Det trengst også meir kapasitet på lager og rask tilgang til utstyr. Mykje av dagens fastmonterte utstyr og teknikk er frå 1971.

Nybygget vil også kunne gi eit nytt og heilt nødvendig kardiologisk senter med betre diagnostikk og videokonsultasjonar med leiande fagpersonar.

Prosjektet har ein samla prosjektkostnad (P50) på 922 millionar kroner (mai 2021) Prosjektets kvalitative og økonomiske gevinstar er godt dokumenterte gjennom økonomisk berekraftanalyse. Eventuelle tiltak som erfaringar med liknande prosjekt har vist naudsynte må kome i tillegg og det må takast høgde for utviklinga i kostnader ved nybygg generelt og sjukehusbygg spesielt.

Det er vurdert at føretaket har nødvendig økonomisk bereevne. Eigenkapitalen er klar, og det er stor utålmodigheit for å få dette realisert. Dei tilsette har lenge stått i krevjande utfordringar, men har vore motivert av at ny bygningsmasse snart vil komme på plass. Prosjektet er nødvendig for å kunne ha effektiv drift og sikre økonomisk berekraft. Størstedelen av befolkninga i Møre og Romsdal bor på Sunnmøre, og framtidig vekst i folketal vil kome i kommunane omkring Ålesund sjukehus. Ei slik utbygging vil også sikre det faglege fundamentet for både SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal) og Volda sjukehus. Dersom heile eller delar av dette prosjektet blir utsett, vil Ålesund sjukehus ikkje lenger kunne fylle rolla som det mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal.

 

Ålesund Venstre

Kari Grindvik                                                                Jack Blindheim
Hans Endre Sæterøy                                                    (lokallagsleiar)
(kommunestyregruppa)