Dei som kjempar for ein friskule

Noter

Kunnskapsministeren vil ikkje ha reine musikklinjer, spesielt ikkje om det er ein friskule.
Då må vi forsvare moglegheita til å utfordre.

Av og til står nokre menneske på for å fullføre ein visjon, skape noko nytt, utfordre systemet eller berre redde bygda. Det er noko grunnleggande positivt med dette: engasjement, framdrift og nyskaping. Tidlegare rektor Oddvar Rotvik ute i Øyane er eit godt eksempel på kva ein kan få til med ein visjon.

Det er ikkje alltid vi liker resultatet. Ein kan vere ueinig om Oslo by steinerskole tilfører noko positivt, eller om det kristne tankesettet skal få prege ein heil skule som Kongshaug, eller om Strandvik treng ein Montessorri-skule. Men vi skal forsvare moglegheita til å utfordre, ikkje alltid ta systemet og storsamfunnet sine avgjersler for god fisk.

Regjeringa seier at tilskota til Oslo by steinerskole og Kongshaug musikkgymnas er særbehandling frå 85 %-regelen, altså regelen om at friskular skal få dekt 85% av driftskostnadane ein offentleg skule ville ha hatt. Dei vil no fjerne tilskotet for meirkostnaden ved reine musikklinjer. Reine musikklinjer krev høg grad av ein-til-ein-undervisning og dyre instrumentinnkjøp, dei er dyrare i drift. At dei to skulane får særbehandling er altså ein svært tvilsam påstand. Tilskota har difor hatt brei støtte i Stortinget fram til no. Argumentasjonen til Kunnskapsministeren gir heller grunn til å tru at motivet er eit generelt angrep på friskulane.

Vi må forsvare metodefridommen og initativet, som gir moglegheit til ei rein musikklinje i Oslo og på Lepsøy, ein grøn friskule på Vinnes, eller ein Montessori-skule i Strandvik. Så må vi sjølvsagt snakke om positive og negative aspekt ved alternativ pedagogikk, religiøst tankesett, eller om eit skulemiljø kan bli for lite. Men det er ein annan debatt.

I 2015 fekk Trine Skei Grande frå Venstre gjennom tilskotet til Oslo by steinerskole. No skal vi forsvare retten til at musikken fortsatt får vere særpreget til Kongshaug.

Innlegg av
Kristian N. Harnes

Les innlegget i Os og Fusa-posten: