Uttale: 16 år og rett i arbeid

Foto: Marit Mellingen

Kvifor kan ikkje elevar får prøve seg i arbeidslivet tidlegare? Det er på tide å gje elevane eit reelt val etter grunnskulen. Skule eller jobb? I dag er det eit tydeleg krav at alle skal gå rett over i vidaregåande, sjølv om mange ungdomar kanskje får det betre ved å gå direkte ut i arbeid. Vi ber difor om at ein ser på løysingar i tett samarbeid med næringslivet, og gir elevtilskot tilsvarande det ein i dag har i lærlingtilskot.

Uttale vedtatt 20.11.22 på nominasjonsmøtet til Møre og Romsdal Venstre

16 ÅR OG RETT I ARBEID

Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld elevar som fullfører vidaregåande skule. Det er gledeleg at 9 av 10 elevar kjem seg gjennom heile løpet, for dette syner at fylket vårt har jobba godt og kvalitetsfokusert over tid. Elevane rapporterer høgare grad av trivsel og mindre mobbing. Læringsresultata viser at karaktersnittet ligg stabilt på eit høgt nivå, fleire vel yrkesfaglege linjer og vi ser at Møre og Romsdal er det einaste fylket som har auka talet på lærekontrakter dei siste fire åra. At institusjonane og næringslivet arbeider godt saman er ikkje minst ein viktig faktor for at vi skal lykkast med å behalde fleire av ungdomane våre i framtida.

Samtidig som 9 av 10 fullfører, så er det 1 av 10 som ikkje gjer det. Venstre ynskjer no at fylket finn ut kvifor meir enn 300 elevar kvart år ikkje fullfører. Vi støttar Ungdomspanelet sitt ynskje om betre tilrettelegging i høve psykisk helse på alle vidaregåande skular. Psykisk uhelse påverkar trivsel og læring, og er bakgrunnen for at mange gir seg før løpet er fullført.

Samtidig meiner vi det er på tide å gje elevane eit reelt val etter grunnskulen. Skule eller jobb? I dag er det eit tydeleg krav at alle skal gå rett over i vidaregåande, sjølv om mange ungdomar kanskje får det betre ved å gå direkte ut i arbeid. Vi ber difor om at ein ser på løysingar i tett samarbeid med næringslivet, og gir elevtilskot tilsvarande det ein i dag har i lærlingtilskot.

Kvifor kan ikkje elevar får prøve seg i arbeidslivet tidlegare? Då får ein ansvar, ein vert sett og verdsett, ein opplever meistring gjennom aktivitet, samtidig som ein kan bu lenger heime hjå mor og far, kontra å flytte på hybel som 16-åring.

I dag er det så strenge krav i arbeidslivet at HMS-styring åleine er nok til å hindre arbeidsgjevarar frå å ta ansvar for så unge ungdomar. Dette må vi kunne gjere noko med.

Venstre prioriterer midlar både til ekstra årsverk for å hindre fråfall, og til midlar som gir elevar høve til å gå eitt år til i grunnskulen. Likevel er det nokre ungdomar som ikkje ynskjer seg meir skule, men som er praktikarar og treng arbeidstrening i staden.

Både kommunar og privat næringsliv skrik etter arbeidskraft. Kan dei få vere med på å bygge framtidas arbeidstakarar? Det krev vilje og innsats for å få dette til, men om vi lyttar til ungdomane og samanstiller med behova for arbeidskraft, så finn vi nye og gode løysingar i fellesskap.