Uttalelse: -Regjeringa sitt grunnrenteforslag er distrikts- og næringslivsfientlig

Kystsamfunn.Illustrasjonsfoto, Foto: Ragnhild Helseth

Støre og Vedum legg opp til å flytte store pengesummar frå vertskommunane på kysten til staten sin «pengebinge». Venstre meiner dette er ei uakseptabel omfordeling, på bekostning av dei lokalsamfunna som sikrar ei enorm verdiskaping.

Skatteforslaget til regjeringa vil få store konsekvensar for den norske havbruksnæringa, for leverarandørindustrien, og for små distriktskommunar. Både konkurransekraft og investeringsevne vert kraftig svekka.

Vi ser at utanlandske investorar utrykker stor bekymring for kor raskt Norge endrar sine konkurransebetingelsar, og opplever nasjonen som ein useriøs rammeleverandør.
Havbruksnæringa skal sjølvsagt betale skatt og avgifter på lik linje med andre næringar. Kommunar som gir tilgang på naturressursar må få auka kompensasjon for det, både når det gjeld havbruksnæringa, vindkraft, mineralar og vasskraft.

Venstre har i mange år jobba for innføring av ein areal- og produksjonsavgift som skal kome vertskommunane til gode, og vi er samd i at regjeringa må vurdere ulike skatteordningar. I dag er det slik at havbruksnæringa betalar for vekst til staten, havbrukskommunane og fylka. I tillegg kjem produksjonsavgift til kommunane og fylka, innført i samarbeid med næringa. Å finne løysingar saman gir fleire gode svar. Regjeringa si totale overrumpling av både næringa og kommunane er svært uheldig.
Det er godt mogleg drive oppdrett av laks i sjø, på land og til havs, og såleis er havbruksnæringa både global og mobil. Satsinga langs norskekysten har gitt enorm verdiskaping og store eksportmoglegheiter.

Ein legg no opp til å stoppe utviklinga i distrikta, ved å legge kraftig auke på skatt på arbeidande kapital, og ved å sørge for at eksisterande næring i kystsamfunna overfører sine skapte verdiar til sentrale strok. Regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk er såleis næringsfiendtleg og distriktsfiendtleg, og vil svekke og stoppe utviklinga av Noreg si viktigaste framtidsnæring. Kapitalen og produksjonen kan tilpasse seg og flytte, medan levande kystsamfunn visnar vekk.
Møre og Romsdal Venstre vil ha lokale arbeidsplassar. Vi ynskjer eit berekraftig, aktivt og variert næringsliv, og vil spele på lag med alle som vil vere med på å bygge heile landet.

Vedtatt på Møre og Romsdal Venstre sitt nominasjonsmøte 20.11.22.