Glimt frå medlemstreff på Runde med besøk av Stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland.
Det er gjort ein stor innsats frå lokale Venstremedlemmar, frå fylkesstyret ved Annika Brandal, frå fylkestingsrepresentant Pål Farstad og frå Venstre sentralt. Besøk av stortingsrepresentant Grunde Almeland tidlegare i haust ga stor inspirasjon og energi for arbeidet. Som leiar av familie- og kulturkomiteen fekk han eit viktig innblikk i aktivitetar som skjer i Herøy, og bidrog dermed også til at vi Venstrefolk i Møre og Romsdal no har fått nærare kjennskap til det som skjer i Herøy.
Nestleiar og leiar i Herøy Venstre saman med representantar frå fylkesstyret, Annika Brandal og Brynhild Lund Notøy.