Haram Venstres klima- og miljøpolitikk

ILLUSTRASJON: Nirutft, Fotolia

Den grøne og opne jordbruks- og fiskerikommunen

Alle i Haram har rett til rein luft, reint vatn og tilgang på gode friluftsområde. Det må derfor leggjast langt betre til rette for å kunne leve miljøvenleg i kommunen.

Å ta vare på naturen; jord, luft, vatn og det biologiske mangfaldet, er avgjerande for vår eksistens og har verdi i seg sjølv. Haram Venstre sitt mål er ein kommune utan forureining, der ressursane vert forvalta til beste for oss som lever no – og for komande generasjonar.

Haram Venstre vil gjere kommunen til ein miljøpolitisk føregangs-kommune. Vi skal ta i bruk miljøteknologi og finne løysingar som også andre kommunar kan nytte. Ein slik omstilling er krevjande frå dagens situasjon, men gir nye moglegheiter. I ei verd der miljøproblema blir tydelegare, vil miljøbedrifter og miljøkommunar verte morgondagens vinnarar. Klimaendringar påverkar oss alle, og er ein av dei alvorlegaste truslane verda står overfor.

Venstre vil sørge for at Haram oppfyller si del av nasjonale og internasjonale utsleppskutt, og blir leiande i bruken av ny miljøteknologi. Vi vil gjere det enkelt å ta klima-, energi- og ressursvenlege val, og kommunen sine verksemder skal vere først ute.

Haram har fire miljøutfordringar som må løysast dei neste fire åra:

  • Forbetre trafikk- og kollektivsituasjonen radikalt
  • Betre styringa av kommuneutviklinga, gjerne i samråd med nabokommunane, her under utvikle Eidet til områdesenter for Nordre Sunnmøre
  • Få ned klimautsleppa frå kommunen sin verksemd
  • Få løyst alle små og store trafikktryggleiksutfordringar rundt omkring i kommunen

Kollektivtransport som det naturlege alternativet
Venstre vil gjere kollektivtilbodet til det naturlege alternativet for transport i Haram. Auka bruk av kollektivtransport skal gje billegare reiser. Det er eit stort behov for ein solid satsing på kollektivtransport. Bustadområde må vernast mot støy og forureining.

 

Miljø og klima i nye Haram
Klimaet på jorda er i dramatisk endring. Millionar av menneske vil verte miljøflyktningar dersom ikkje utsleppa av klimagassar vert reduserte. Haram skal òg ta sitt ansvar for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Haram Venstre vil leggje dette til grunn for alle politiske vedtak og gjere Haram til ein av dei fremste kommunane i Noreg til å ta i bruk ny miljøteknologi.

 

 

Samskaping med næringslivet
Haram kommune skal vere ein kommune som er ein føreseieleg støttespelar for næringslivet. Om det gjeld reguleringar, skjenketider eller opningstider, skal kommunen vere ein medspelar, og ikkje ein motspelar.

 

 

Sirkulær økonomi Sirkulære Haram
Haram kommune skal være i front når det gjelder sirkularitet og bærekraft. I alle politiske vedtak skal disse to begrepene legges vekt på der det er naturlig.