– Språkleg rausheit gir valfridom

Fride Sortehaug
Fride Sortehaug, 2. kandidat Ålesund Venstre., Foto: Kari Grindvik

Monica Molvær, ordførarkandidaten til Høgre i Ålesund og partifelle Tor Løvland kjem med gamalt nytt om språk. Om eg skal tolke og samanfatte det dei skriv, har nynorsk-kommunar og M&R fylke dårlegare kvalifiserte tilsette enn språknøytale kommuner eller bokmålskommuner. Ein heller heftig påstand?

Fleire kommuner og fylkeskommuner, både by og landkommuner, slit med å skaffe seg kompetanse innanfor enkelte fagområder. Dette skuldast mangel på fagfolk først og fremst. Etter det vil størrelse på fagmiljø vere ein faktor. Geografi og samferdsel vil også vere med i vurderinga. Språk kjem nok ikkje på dei øvste og mest avgjerande faktorane i ei slik vurdering.

Behovet for betre sidemålsopplæring

For dei som har gått grunnskule i Norge, og som har skaffa seg ei høgare utdanning, forventast det at dei beherskar begge skriftspråka. I motsett fall bør vel Høgre arbeide meir aktivt for betre sidemålsopplæringa i staden for å kjempe for at den skal verte fjerna?

I arbeid fram mot språkvedtaket og utarbeiding av språkplan for Ålesund vart det gjort ei enkel kartlegging av kompetanse, både fag og språk. Her kom det fram at dei som føretrekte å nytte nynorsk hadde høgare utdanningsnivå enn dei som føretrekte bokmål.

Misoppfatningar om bokmålsbrukarar og språklig konservatisme

Høgre føreset at bokmålsbrukarar skriv perfekt norsk, og at behov for korrektur og språkverkty ikkje trengs anna enn for dei som skal skrive nynorsk. Arbeidet i Ålesund rundt klart språk syner at dette ikkje er tilfelle. Det ser vi som les tusenvis av saksdokument gjennom året også. Både dei som skriv nynorsk og dei som skriv bokmål, og ikkje er heilt trygg i språk, vel svært ofte dei mest konservative formene. Dette gjer at språket er tidvis uklart og stivbeint.

Alle innbyggjarane kan nytte det språket dei ønskjer!

Valfridomen går ikkje på kva språk du skal lese offentleg/felles informasjon frå Ålesund kommune på. Den går på at du sjølv kan nytte det språket du ønsker og at du har krav på svar på ditt språk når du skriv til kommunen. Som vi alle veit er valfridommen eit tveegga sverd. Valfridom for nokre kan vere det motsette for andre. Nynorskbrukarar td veit at dei sjeldan kan velge bort bokmål.

Kva seier Språkbruksplanen for Ålesund eigentleg?

Staten og fylkeskommunen skal kommunisere med Ålesund på nynorsk. Heimesida skal vere på nynorsk, men alle skjema skal finnast på begge språk. Fellesskriv, pressemeldingar, fakturaer og offisielle sider på sosiale medier skal vere på nynorsk. Det same gjeld årsmeldingar og forskrifter. For dei som utarbeider saksutgreiingar er det valfritt språk. Elles vert alle tilsette, selskap mm fristilt, men oppmoda om å bruke nynorsk. Språkbruksplanen er med andre ord raus og gir stort rom for bokmål- både for saksutgreiingar og i andre samanhengar. På denne måten har kommunen lagt mykje betre til rette for tospråklegheit enn eit vedtak om språknøytalitet nokon gong har gjort. Mange trudde at Ålesund fram til 2020 var bokmålskommune (sanninga var vel nærare at kommunen ikkje hadde ein språkpolitikk og at den var plassert som språknøytral pga manglande formelt vedtak om språk).

Offentleg ansvar å fremja nynorsk

Språklova peikar på at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Dette vil også gjelde nye Ålesund frå 1.1.2024- uavhengig av kven som vert ordførar.

Skal du lære eit språk, må du eksponerast for det, ikkje skjermast frå det. Korleis vil Høgre arbeide for reell valfridom knytt til språk?

Identitet og regional attraktivitet

Identitet har fleire lag. Alle i Ålesund er også sunnmøringar. På sunnmøre vil ålesundarar vere i mindretal. I fleire av våre bygder og kommunedelar er nynorsken det sjølvsagde og prioriterte språket. Høgre dreg i tvil om vi arbeider etter visjonen om lokal identitet, regional attraktivitet og nasjonal slagkraft ved å vere verdas største nynorskkommune, men påstanden vert hengande i lufta utan argument som forklarar at språkvedtaket har ramma eller svekka denne visjonen. Høgre vil også gjerne vere regionsbyggar, men vil ikkje identifisere seg med språket i regionen.

Ålesund kommune skal ha honnør for å stå i mot reversering

Høgre vil gjerne framstå som partiet som vil ha effektivitet og vere framtidsretta. I kommunereformarbeidet skal dei i Ålesund ha all mogleg honnør for å stå i kampen både for å gjennomføre ei naudsynt reform, men også å stå imot reversering. Men her har vi ei sak der altså Høgre ser bort frå sine prinsipp om effektivitet og økonomi. Det krev tid og pengar å gjere om på eit vedtak om språk. Og kva skal endrast? Vår vedtekne språkbruksplan er i realiteten mykje nærare språknøytralitet enn Ålesund nokon gong har vore etter at dei slo seg saman med Borgund. Dersom heimesider, malar og språkbruksplan må endrast er det ressursar som må takast frå andre oppgåver.

Fokus på gode tenester for innbyggarane

Venstre vil bruke midlar på gode tenester for innbyggarane, heller enn å bruke dei på omgjere godtfungerande adminstrative strukturar som det rause språkvedtaket og språkbruksplanen legg opp til.

Satsing på klart språk er framtidsretta

Kanskje vi heller skal skrinlegge denne idéen om å vedta språknøytralitet og heller bruke ressursane på statsinga klart språk? Det vil vere både framtidsretta og gagne innbyggarane som vi skal kommunisere med.

 

Fride S Sortehaug (2. kandidat for Venstre i Ålesund)
Kari Grindvik (V-politikar )