Tysvær Venstre si valliste 2023-2027

Tysvær Venstre har klart lista for kommunevalet i år. Me i Tysvær Venstre skal vera ærlege på at det var ikkje enkelt å få tak i ei liste i år. Men engasjementet for skulane, miljøet og næringslivet var for sterkt, og til slutt fann me ei løysing der me har kumulert tre på toppen av lista. Me håpar å kunne samarbeida breiare, der me deler på oppgåvene i kommunestyre og komitear. Men me har eit klart oppdrag denne perioden, og det er å gjera kommunepolitikken meir gjennomsiktig og gjera det mogleg for fleire å bidra.

Så no kan dei som vil stemma for å prioritera å kutta klimagassar i kommunen eller å gje lærarane betre status og høgare løn stemma på Venstre likevel!.

Lista i sin heilskap er:

  1. Trygve Egge, 1971
  2. Narve Susort, 1958
  3. Vebjørn Espeland, 1995
  4. Torunn Vestbø Gjerde, 1970
  5. Pauline Vik Vestly, 2000
  6. Simon Gullhaug, 2004
  7. Yngve Askeland, 1974
  8. Sturla Vik-Vestly, 1968
  9. Gunnar Egge, 1946
  10. Vidar Johannes Aarhus, 1946
  11. Laila Holgersen, 1949