Reisebrev frå bygda som er større enn seg sjølv

Bjørnafjorden Venstre sammen med Montessoriskulen
Frå venstre: Arild Heggland, Alfred Bjørlo, Sandra D. Hjartnes, Olav L. Tveitnes, Magne Opheim, Foto: Kristian Notland Harnes

Vi møtte ein tyskar, ein telemarking og tre lokale. Dei ville være framtida –
sjølve framtidas løysing. Denne skaparkrafta må vi ta vare på!

Eg hadde avtala å møte stortingsrepresentant Alfred Bjørlo på Kiwi Haugsneset, mest kjent for sin iver og kjærleik for det skapande bygdenorge. Litt før tida glei ein Hyundai Kona inn på parkeringsplassen med førre stortingsval sitt «Stem Alfred» på panseret. Den gjeninnmeldte og framovertenkande Venstremedlemmen Arild Heggland skulle også vere med.

Målet for turen: Bygda som er større enn seg sjølv.

Tre menn og dårlig kjønnsbalanse rulla inn på M/F Årdal, skipperen hadde ikkje tid til å møte oss grunna pågåande revisjon. Vi byrja rolig, og drodla om at vi kanskje skulle lokke med oss Marie Bruarøy i ein allianse, sentrum og Høgre? Kunne Nøttseter og Enerhaug støtte alliansen? Hoel høyrer vel ikkje til den lyseblå delen av Høgre som ivrar for vårt miljøvern og karbonregnskap, men kva med resten? Eller skulle vi tenkt som i Bergen, AP og V? Jaja, vi må først gjere eit brakval, så kjem endringane!

Første stopp er Hålandsdalen Montessoriskule. For kva skjer når det offentlige ikkje har pengar til å drive grendeskule? Då kjem initiativet fram. Ein privatskule, difor 15% mindre tilskot per elev og lite ekstra frå det offentlige til elevar med ekstra behov. Ein slik skule der lærarane brukar målarkosten på dugnad, elevane har hønsehus og eit skreddersydd løp tilpassa individet. Som skårar høgt på dei nasjonale prøvene og må konkurrere om elevar for sin eksistens. Som ikkje får strømstøtte. Her fann vi noko ekstra, eit engasjement, det var vakkert. Om samfunnet klarer å støtte opp om initiativet, å få engasjementet til å blomstre. Då får vi meirverdi. Vi har eit Montessoriinitiativ i Os også. Det må vi ta vare på.

Bjørnafjorden Venstre sammen med Montessoriskulen
Frå venstre: Arild Heggland, Alfred Bjørlo, Sandra D. Hjartnes, Olav L. Tveitnes, Magne Opheim

Neste stopp er lengre inn i dalen, Eidestøa, hovedkontoret til Eide Fjordbruk. Ei mellomstor bedrift i laksenæringa. 15 ansatte i Hålandsdalen og mange fleire rundt om i bygdene i Vestland. Vi møtte ein tyskar, ein telemarking og tre lokale, ein av dei i familien som forvaltar bedrifta på tredje generasjonen. Eide vil vere fremst – på framtida sine løysingar. Eg synes det var truverdig. Dette med miljøperspektivet og forståelsen for at ein må endre seg, bli betre – på karbonregnskap, biomangfald og dyrevelferd. Og så treng verda mat.

Alfred Bjørlo utanfor Eide Fjordbruk
Alfred Bjørlo hos Eide Fjordbruk
Olav Tveitnes og Vidar Hjartnes et lunsj
Verda treng mat – det gjer vi òg

I forliket om lakseskatt kjempa Venstre inn to punkt om miljøforbetringar i laksenæringa, i tillegg til å senke skatten til eit meir ansvarlig nivå. Om Eide Fjordbruk skal få til løysingar for framtida må den komande miljøteknologiordninga levere på insentiv til desse endringane. Det er ikkje alltid gigantane i næringa har mest fart, ofte er endringskrafta større hos dei mindre. Og denne krafta må vi ta vare på – Gjere det enklare å utvikle næringa vidare, gjere det enklare å ta kraftfulle miljøtiltak.

Hålandsdalen har initiativet, god distriktspolitikk handler om å ta vare på det.
Endå lengre inn i dalen er det visst meir – fleire økologiske bønder, som Erik Halvorsen. Han leverar mat av topp kvalitet til restaurantane i regionen. Elska av systemet i landbruksdepartementet? Nei. Akkurat slike vi treng? Ja

Bygda overpresterer. Det er så masse initiativ.
Involvert i mykje av det omtala, finn vi økologisk bonde og tredjekandidat for Bjørnafjorden Venstre. Olav Lønheim Tveitnes. Han får mi stemme – naturleg nok.

Profilbilete av Kristian Notland Harnes, 5. kandidat for Bjørnafjorden Venstre

Kristian N. Harnes
Lokallagsleiar
5. kandidat for Bjørnafjorden Venstre