Svar til Tysvær KrF om mobilfri skule

Vebjørn Espeland, Trygve Egge og Narve Susort foran Tysværtunet.
Vebjørn Espeland, Trygve Egge og Narve Susort

Steinar Høyvik frå KrF er ute i Bygdabladet 16. juni og ønsker seg mobilfri skule. Det er lett å vera einige i at elevane ikkje skal vera på telefonen heile skuledagen, og at det fort kan vera mykje skjermbruk. Men det er to ting me reagerer på som venstrefolk.

Det første er at me skal vera forsiktige som kommune å bestemma korleis lærarane skal jobba. Det er lærarane som har pedagogisk kompetanse, og Venstre vil la lærarane ha mest mogleg fridom til å bestemma korleis dei skal styra klasserommet. Me trur lærarane og skuleleiinga kan styra dette heilt fint sjølv. Vil dei ha mobilfrie timar kan dei gjera det. Vil dei bruka mobilen i læringa på eit eller anna vis, kan dei gjera det og.

Det andre er at Høyvik trur på “bøker, på langsam lesing og fordjuping”, og referer til at 5.-klassingane har vorte dårlegare å lesa. Me må ha litt låge skuldre når me evaluerer 5.-klassingar. Somme 10-åringar likar langsam lesing, men ganske mange sit og ventar på at friminuttet skal starta sånn at dei får brukt kroppen meir. Her igjen er det lærarane som ser elevane og som er dei som har best evne til å gje elevane det dei treng. Venstre vil ikkje at kommunestyret skal vedta at det skal vera meir saktelesing.

I tillegg gjekk kommunestyret nettopp gjennom kvalitetsrapporten for tysværskulen, og der viste det seg at elevane på 5. trinn skårar betre enn dei 7 foregåande åra i lesing. Det same gjaldt 8. og 9. trinn.

Men kanskje me skal sjå på korleis me kan sikra lærarane reell metodefridom. Har det vore eit for stort press frå kommunen sentralt til å bruka digitale løysingar for å spara pengar på bøker? Kanskje kommunen skal ha ein betre samtale med lærarane direkte og sjå kva dei etterspør, heller enn å nok ein gong gje dei svaret på forhand, og bestemma for dei.

Trygve Egge, Narve Susort, Vebjørn Espeland
1. kandidat, 2. kandidat, 3. kandidat for Tysvær Venstre