Tysvær Venstre tør å tenkja nytt om helse

 

Den store utfordringa i helsesektoren er mangel på sjukepleierar og helsefagarbeidarar. Tysvær Venstre tør å tenkja nytt om helse og har tre tiltak for å hjelpa på bemanninga.

  1. Me må ha nok kompetanse på jobb til ei kvar tid. Ved å sikre at ein alltid har fleire på jobb med god kompetanse, får ein gode team der ansvar kan bli delt. Dette er viktig for at den einskilde ikkje skal bli tynga av for mykje ansvar på jobb. Ei kjensle av å strekke til er viktig for å halde ut i jobben gjennom heile arbeidslivet. Me vil ha flest mogleg med fagkompetanse i helsesektoren. Difor må me ha gode ordninger for lærlingar, og kommunen må ta inn så mange lærlingar innan helsefag som me kan. Ufaglærte som arbeider i helsesektoren må få høve til å ta relevant utdanning, og kommunen må oppmuntre og legge til rette for dette.
  2. Nyutdanna sjukepleierar må få komme inn i ei fadderordning, der ein er sikra god rettleiing og overføring av rutiner og kompetanse som allereie er på arbeidsplassen. Slik sikrar ein at nyutdanna ikkje får “sjokk” når dei kjem ut i arbeid, men får ein trygg og god start på yrkeslivet.
  3. Me må ha ein god seniorpolitikk som gjer at flest mogleg klarer å stå i arbeid til dei går av med alderspensjon. For å sikre dette, må kommunen ha tett dialog med fagforeiningar og dei tilsette, og sikre gode seniortiltak. Dette kan til dømes vere at dei eldste slepp å ta dei tyngste løfta eller dei tyngste vaktene.

Me har tru på at dette kan gjere ein stor forskjell hjå helsepersonell i kommunen vår. Men om dette skal kunne verte gjennomført må så mange som mogleg stemma Venstre ved valet i haust.