Tysvær Venstre tør å tenkja nytt om klima

Utsikt over Fuglavatnet i Tysvær kommune
Utsikt over Fuglavatnet i Tysvær kommune, Foto: Vebjørn Espeland

Tysvær kommune må verta klimanøytral for at verda skal vera klimanøytral. For at kommunen skal kunne ha tiltak for at folk og næringsliv skal kutta i utslepp er kommunen nøydd til å rydda i eige hus først. Tysvær Venstre har to konkrete tiltak for at kommunen skal rydda i eige hus. Det første er å redusera eit av Noregs største punktutslepp, Kårstø. Så den nest beste løysinga er å elektrifisera så mykje me kan, sånn at utsleppa ved verket går ned fort. Venstre vil få dette på plass så fort så me kan.

Det andre tiltaket er at kommunen må ha ein energispareplan for alle bygg som kommunen driv. Kommunen har eit ansvar som ein stor straumkunde å spara straum og energi der det er mogleg. Om det vil seia etterisolering av skular, så etterisolerer me skulane. Om det vil seia installering av varmepumper der det ikkje finst, så installerer me varmepumper. Om det vil seia solcellepaneler på rådhuset så fiksar me det.

Desse tiltaka er bra for klimaet og miljøet, men det er òg bra for økonomien til kommunen på lang sikt. Kommunen kjem til å gå i underskudd i framtida med mindre ein tør å tenkja nytt, og Venstre vil ha løysingar som står seg i framtida. Tysvær Venstre tør å tenkja nye tankar og finna betre løysingar. Tør å tenka nytt og stem Venstre ved kommunevalet i år!Diagram over utslipp per kommune på Haugalandet, der Tysvær kommune sin søyle er mykje høgare.

Klimagassutslepp på Haugalandet.